Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:52:23Z
dc.date.available2013-03-12T11:52:23Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationHove, Ingrid Oos. I samtale om det useielege. Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26537
dc.description.abstractOmgrep som absurd , meiningslaus , tom og fraser som sviktande kommunikasjon og menneskeleg isolasjon har i lengre tid prega resepsjonen av Jon Fosse sine dramatiske tekstar. Dette er, etter mi meining, ei grov forenkling og redusering av det mangfaldet Fosse sin dramatikk representerer. Denne oppgåva legg vekt på å undersøkje kva slags bilete Fosse teiknar av dei menneskelege høva til kommunikasjon gjennom dramatikken sin. For å kunne avdekkje om dei dramatiske personane kommuniserer, vert fokus retta mot den dramatiske dialogen i ein av dei nyare dramatiske tekstane til Fosse, nemleg Draum om hausten (1999). Vimala Herman og Andrew Kennedy har vist stor interesse for den dramatiske dialogen. Dei slår fast at den dramatiske dialogen godt kan studerast på line med konversasjonen. Med hjelp frå Herman, Kennedy og språkvitarar som til dømes Wallace Chafe, Jan Svennevig, Paul Grice, Per Linell og Lennart Gustavsson, kan vi få ei større forståing for den dramatiske dialogen og kva omgrepet kommunikasjon rommar. Den dramatiske dialogen står i ei særskild stilling i eit moderne teaterstykke som Draum om hausten. Denne oppgåva legg følgjeleg stor vekt på å klargjere korleis dialogen vert styrande ikkje berre for dei tematiske tendensane, men også for dei formlege strukturane i dramaet. Sidan Draum om hausten har ei minimalistisk og nedskora form, vert ordet ståande som det berande elementet. Denne avhandlinga viser korleis den dramatiske dialogen på ulike måtar avdekkjer at meining vert skapt. Med hjelp frå kjende filosofar og teoretikarar som Maurice Maeterlinck, Theodor Adorno, J. Hillis Miller og Julia Kristeva vert vi i stand til å avdekkje eit djupare lag av meiningsfylt innhald i dialogen mellom dei dramatiske personane. Dersom ein studerer dialogen grundig, ser ein at stykket ikkje framstiller det menneskelege tilværet som tomt og innhaldslaust. Dramaet rettar tvert om, gjennom dialogen, fokus mot noko som er større enn oss sjølve, dei store samanhengane mot det som gjer liva våre meiningsfulle og viktige.nor
dc.language.isonoben_US
dc.titleI samtale om det useielege : - ein analyse av den dramatiske dialogen i "Draum om hausten"en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorHove, Ingrid Oosen_US
dc.subject.nsiVDP::042en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hove, Ingrid Oos&rft.title=I samtale om det useielege&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-36582
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo4141en_US
dc.contributor.supervisorJorunn Hareideen_US
dc.identifier.bibsys021931836en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata