Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:52:56Z
dc.date.available2013-03-12T11:52:56Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-05-01en_US
dc.identifier.citationJuuhl, Gudrun Kløve. Demokratisk prøverom. Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26532
dc.description.abstractI bladet Norsk Barneblad finst det ei diskusjonsspalte for born og ungdom, og alderen på dei som deltek er i hovudsak mellom 9 og 16 år. Spalta vart oppretta i 1970, og sidan har det vore eit løpande ordskifte. Oppgåva mi er ein analyse av skrivemåtar og tekstnormer i denne spalta i åra 1974 og 2004, og ein freistnad på å finna ut korleis, kva tid og kvifor desse endrar seg. Når det gjeld forståinga av tekstnormer og tekstnormendring byggjer eg mykje på arbeidet til Kjell Lars Berge. Oppgåva diskuterer òg diskusjonspalta i eit ålmente- og demokratiseringsperspektiv, og her har mellom anna Jürgen Habermas sine omgrep kommunikativ og strategisk handling vore nyttige. Sjølv om diskusjonsspalta i Norsk Barneblad ikkje er eit representativt utval av born sine diskuterande tekstar, er det rimeleg å tru at endringar i skrivemåtar og tekstnormer her til ein viss grad speglar ålmenne tendensar, og at oppgåva difor kan gje meir kunnskap om borns og ungdoms skriving og skrivekompetanse. Analysen fortel at tekstane endrar seg mykje, tekstnormene går frå å kunna plasserast under eit ”skriv godt”-paradigme til eit ”skriv deg sjølv”-paradigme. Analysen fortel òg at det skjer store endringar midt på nittitalet – før internett vert utbreidd hjå ungdom. Midt på nittitalet vert det personlege og relasjonelle viktigare i teksten, å skildra seg sjølv vert vanlegare, og bruken av kallenamn aukar markant. Tekstane vert meir sjølv- og relasjonsorienterte. Eg har sett etter årsaker til endringane ved å undersøkja kontekstuelle faktorar som skulen, massemedia, ny teknologi, syn på born og ungdom og samfunnsdebatten. Ut frå analysen min ser endringar i massemediasituasjonen på nittitalet ut til å vera svært viktig for endringar i tekstnormer hjå born og ungdom.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDemokratisk prøverom : analyse av eit ordskifte for born og ungdom gjennom 30 åren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-08-16en_US
dc.creator.authorJuuhl, Gudrun Kløveen_US
dc.subject.nsiVDP::042en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Juuhl, Gudrun Kløve&rft.title=Demokratisk prøverom&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-13652en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo39826en_US
dc.contributor.supervisorJohan Tønnessonen_US
dc.identifier.bibsys061890847en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26532/1/gudrun-master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata