Hide metadata

dc.date.accessioned2013-12-12T12:20:18Z
dc.date.available2013-12-12T12:20:18Z
dc.date.issued2011en_US
dc.date.submitted2011-05-25en_US
dc.identifier.citationNøstdal, Ingrid Krogh. "Den siste man skal stole på, er en forfatter". Masteroppgave, University of Oslo, 2011en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26441
dc.description.abstractEg har i denne masteroppgåva gjort ei performativt orientert lesing av Tomas Espedals roman "Imot kunsten (notatbøkene)" i lys av det sjølvbiografiske og privatiserande straumdraget ein ser i den norske litteraturen i dag. "Imot kunsten" er på mange måtar tidstypisk med sin særlege interesse for det intime og det private, men gjennom ei særeigen litterær form og ei elegant og stilisert språkføring, skil Espedal seg på mange måtar frå andre samtidsforfattarar som også skriv eg-romanar i eige namn. Hovudfokuset har gjennom heile oppgåva vore retta mot det eg meiner er tekstens dobbeltprosjekt: nemleg at forfattaren gjennom ei rekkje verkemiddel og effektar både avslører og tildekkjer seg sjølv i verket, og at «performance» og konstruksjon er dei berande formelle elementa i romanen. Analysen fell naturleg i to delar: Etter fyrst å ha plassert Espedals roman inn i ein samidslitterær kontekst, har eg prøvd å vise fram det performative i Espedals roman og sett særleg på korleis privatbiografiske opplysningar opptrer som eit litterært verkemiddel i teksten, korleis forfattaren konstruerer ein røyndom gjennom fiksjonalisering av faktadiskursar, og vidare kva effekt desse strukturane får i verket. Slik eg ser det, opptrer dei biografiske opplysningane som eit materiale med ein sterk effekt i romanen, og eg meiner at både tilbakeblikka på familiehistoria, barndomsskildringane og historiene om forteljaren sjølv i notid, får status som sjølvframstillande performance. Dei biografiske opplysingane opptrer altså som rammer for teksten, medan fiksjonen opererer fritt innanfor desse rammene, og, som eg har prøvd å vise, oppstår det, paradoksalt nok, ein heilt særeigen «røyndomseffekt» i møte med lesaren. Teksten presenterer seg altså som både fiktiv og verkeleg sann, og med dette meiner eg at Espedal både inkorporerer røyndomselement og dokudetaljar i teksten, samtidig som han bevisst konstruerer både seg sjølv og ein røyndom gjennom fiksjonalisering av faktadiskursar. I del to av analysen har eg sett nærare på identitetskonstruksjonen i teksten, og då særleg korleis Espedal gjennom sitt litterære prosjekt både prøver å leite etter og å konstruere eit sjølv og ein identitet. Sentrale spørsmål som eg har har prøvd å finne svar på, har vore: Korleis skapar forteljaren ein identitet gjennom å søkje tilbake i si eiga familiehistorie, og på kva måte identifiserer han seg med dei ulike karakterane? Korleis ser Tomas seg sjølv i dei ulike familiemedlemmane, og kva strategiar brukar han i konstruksjonen av eit eg i teksten? Også her er dei performative elementa viktige, og Esepdals iscenesetjing av eigen persona, samt rollespel og bruken av fiksjon står heilt sentralt.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Den siste man skal stole på, er en forfatter" : Performativitet og identitet i Tomas Espedals "Imot kunsten (notatbøkene)"en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-12-06en_US
dc.creator.authorNøstdal, Ingrid Kroghen_US
dc.subject.nsiVDP::042en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nøstdal, Ingrid Krogh&rft.title="Den siste man skal stole på, er en forfatter"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2011&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-30074en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo124955en_US
dc.contributor.supervisorPer Thomas Andersenen_US
dc.identifier.bibsys134004531en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26441/2/nostdal_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata