Abstract
I 1996 vart Ernst Håkon Jahrs artikkel "Nynorsk språkforskning. En historisk oversikt" publisert. I denne artikkelen kritiserer han den forskingstradisjonen han kallar 'nynorsk språkforskning', der målføregransking var ein av kjernedisiplinane, for å ha vore altfor konservativ og for å ha late vera å taka i bruk nyvinningar i språkvitskapen som strukturalistisk teori og metode og sosiolingvistikk. Denne kritikken vert førd vidare i det faghistoriske verket 'The history of linguistics in the Nordic countries' i 2000, der Even Hovdhaugen er norsk medforfattar. I denne boka vert derimot dei norske keltologane som dreiv med målføregransking framheva som nokre av dei fremste norske språkgranskarane nokosinne. I artikkelen "Surprises in Sutherland. Linguistic variability amidst social uniformity" lèt den amerikanske keltologen og målføregranskaren Nancy C. Dorian den norske keltologen Magne Oftedal, hennar eigen næraste føregjengar i skotskgælisk målføregransking, spela den same rolla som 'nynorsk språkforskning' hjå Jahr (1996) og Hovdhaugen ofl. (2000).
I oppgåva argumenterer EG for at Dorians (2001) kritikk slår feil ettersom ho ikkje tek omsyn til den fagtradisjonen Oftedal arbeidde innanfor. Vidare argumenterer eg for at liksskapane mellom målføregranskinga innanfor norsk keltologi og 'nynorsk språkforskning' grunleggjande sett har det meste sams i motsetnad til det inntrykket ein får når ein les Jahr (1996) og Hovdhaugen ofl. (2000).