Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:44:12Z
dc.date.available2013-03-12T11:44:12Z
dc.date.issued2004en_US
dc.date.submitted2004-04-20en_US
dc.identifier.citationFarstad, Ingunn Kristin. La loi no. 94-665 du 4 août 1994 relative à l'emploi de la langue francaise, dite la loi Toubon: "Défense et illustration" de la langue francaise?. Hovedoppgave, University of Oslo, 2004en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/25711
dc.description.abstractSamandrag: Det franske språket er eit samfunnsspørsmål som handlar om Frankrike sin posisjon i verda og om framtida vår , uttalte kultur- og frankofoniministeren under Mitterrand-regjeringa i 1994, Jacques Toubon, då han presenterte ei ny lov som skulle sikre bruken av fransk i Frankrike. Nokre få veker tidlegare hadde han sagt seg nøgd med at nasjonalspråket sin status nok ein gong skulle lovfestast, for heilt sidan Villers-Cotterêts-forordninga i 1539, heldt han fram, har det franske språket vore staten sitt ansvar. I denne oppgåva stiller eg spørsmål om korvidt Toubon-lova tener som forsvar og forsterking av det franske språket sin posisjon. I tida etter 1994 har få nasjonar snakka så mykje om språkmangfald og auka kulturforståing som nettopp Frankrike. Korleis kan ein nasjon som på eige territorium har eit språkmangfald representert gjennom dei regionale språka i Frankrike og ikkje minst i DOM-TOM, og som i tillegg talar varmt om språkmangfald i den frankofone verda, ønske å forsterke det språket som frå før har sterkast posisjon, nemleg fransk? I 1992, berre to år før Toubon-lova kom, vart det i den franske grunnlova innlemma ein paragraf som seier at språket i republikken er fransk . Dreier det seg berre om å styrke fransk på verdsbasis? Og korleis har det seg at Frankrike er blant dei nasjonane som framleis ikkje har godkjent Europarådet sitt Charte til forsvar for nettopp regionalspråk og minoritetsspråk, trass i at dette blei signert av Frankrike i 1999? Avisinnlegg frå månadene rundt lovforslaget i 1994 vitnar om at Toubon-lova vart sett på som eit fåfengt forsøk og eit siste krampetak for å stoppe invasjonen av engelsk på fransk jord. Dette blei ytterlegare forsterka i 1996, då nokre stivbeinte søksmål sette Frankrike i eit komisk lys i europeisk samanheng. Sanninga er at Toubon-lova aldri nemner engelsk. Ho forbyr heller ikkje bruk av engelsk. Det lova sikrar, er retten til å bruke fransk. Og så kan vi sjølvsagt tolke vidare sjølve..... Første kapittel vektlegg staten si rolle i eit historisk perspektiv, der også frankofoni-politikken har ein sentral plass. Etter eit teorikapittel som gjer greie for sosiolingvistikk og språkpolitikk, kjem eit generelt kapittel om lova sine føremål, men og om dei første pressereaksjonane etter at ho kom ut, samt reaksjonar frå dei mest kjende lingvistane i Frankrike. Fjerde og siste kapittel, som er den største og viktigaste delen av denne oppgåva, er ein analyse av dei årlege rapportane om lova frå perioden 1996-2003, som kultur- og kommunikasjons-departementet gir ut. Trass i at desse rapportane omhandlar den same lova, meiner eg her å sjå ei dreiing på tolkingsplan, til eikvar tid tilpassa samfunnsendringar, og ikkje minst pålegg frå EU. Toubon-lova av 4.august 1994 er arvtakar etter Bas-Lauriol-lova av 1975, som ikkje fekk den ønska effekten på grunn av mangel på sanksjonar ved lovbrot, og som heller ikkje hadde eit like stort virkefelt som Toubon-lova. Det er tydeleg at den europeiske handelsmarknaden og avtalar inngått av EU har fått Frankrike til å forsterke enkelte sider av språkpolitikken. Den nye lova sikrar i større grad at kunden har rett til å bli informert på fransk, og at alle varer selde i Frankrike skal merkast på fransk. Vidare skal arbeidstakarar sikrast at kontrakter blir inngått på fransk, og at det interne reglementet på arbeidsplassen er tilgjengeleg på fransk. Det tredje området som skal sikrast er forskning og teknologi. Her er det særleg tre tiltak som er viktige: For det første skal det vere høve til å uttrykke seg på fransk ved internasjonale kongressar i Frankrike, noko som i praksis vil seie at arrangøren må sikre omsetjingsteneste og eventuelt få denne statssubsidiert dersom kongressen er viktig nok for den franske staten. For det andre skal fransk brukast i tidsskrift og publikasjonar som gjeld forsking. For å oppnå dette, må det tredje målet bli å opprette franske databasar for teknologisk språk, då dei største databasane er amerikanske. På den audiovisuelle fronten skal lova sikre fransk språk innan filmindustri, TV-kanalar med base i Frankrike og anna audiovisuell produksjon, då i samsvar med kvotereguleringar kontrollert av andre instansar. Toubon-lova vidarefører og forsterkar kravet til fransk innan offentlege tenester, men her går ho inn for å forenkle eit stivt og byråkratisk språk og vil kurse dei statstilsette i fransk, men faktisk og i framandspråk. For på alle offentlege stader der det er naturleg med omsetjing til framandspråk, skal to språk vere represente i tillegg til fransk, noko som skal tydeleggjere Frankrike sitt uttalte ønske om å representere eit språkmangfald. Det siste området som Toubon-lova peikar direkte på i 1994, er undervisning. Her skal det sikrast at fransk blir brukt ved alle nasjonale opptaksprøver og ved alle eksamenar, på alle nivå. Hovudoppgåver og doktoravhandlingar skal skrivast på fransk, seier lova, som likevel må vike for eit internasjonalt samarbeid for avhandlingar på høgt nivå. Mål nummer to på undervisningsfronten er å forsterke franskundervisninga, men samtidig i større grad enn før å gi tilpassa undervisning for dei som ikkje har fransk som førstespråk. To framandspråk i skolen er det tredje målet for skoleverket, som etterkvart, og i tråd med skoleverket sitt eige program, innfører eit framandspråk alt i barneskolen. Men det er to andre område, svært ulike og ikkje vektlagde då lova kom ut i 1994, som i stadig større grad får maksimal fokus i desse rapportane. På den eine sida dreier det seg om bruken av fransk i dei internasjonale organisasjonane, og på den andre sida får regionalspråka, og etterkvart minoritetsspråk generelt, ein utvida plass. Dette skjer sjølvsagt i lys av at Europa-politikken. At fransk var underrepresentert på internett, truleg fordi Frankrike kvilte på sine Minitel-laurbær, blir i likskap med andre nederlag aldri kommentert, men det er interessant at internett blir eit satsingsområde først mot år 2000, etter ein kritisk bestillingsrapport til statsministeren frå Robert Lalande i 1997 og ein påfølgande statleg tiltaksrapport i 1998. Språkleg og kulturell uniformisering gjennom anglo-amerikansk dominans er ei utfordring for Europa. Dei fleste av oss ønskjer ikkje ein marknad og eit språk. Det er faktisk naudsynt å skape eit språksamarbeid i Europa dersom vi vil ta vare på eigen kultur og eigne språk. Slik sett går Frankrike i brodden med eit godt eksempel. Men Frankrike har lang tradisjon i å pådytte andre det franske språket, både i dei franske koloniane og i regionane, og i verda elles gjennom frankofonipolitikken. Dersom Frankrike verkeleg ønskjer språkmangfald, må republikken finne vegen ut av det motsetningsforholdet som språkpolitisk plasserer han i glasbur.nor
dc.language.isofraen_US
dc.titleLa loi no. 94-665 du 4 août 1994 relative à l'emploi de la langue francaise, dite la loi Toubon: "Défense et illustration" de la langue francaise?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorFarstad, Ingunn Kristinen_US
dc.subject.nsiVDP::024en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Farstad, Ingunn Kristin&rft.title=La loi no. 94-665 du 4 août 1994 relative à l'emploi de la langue francaise, dite la loi Toubon: "Défense et illustration" de la langue francaise?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2004&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10432en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo17857en_US
dc.contributor.supervisorIngse Skattumen_US
dc.identifier.bibsys042160510en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata