Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:44:12Z
dc.date.available2013-03-12T11:44:12Z
dc.date.issued2003en_US
dc.date.submitted2003-09-16en_US
dc.identifier.citationFolkedal, Astrid. Anna Gavalda et le genre de la nouvelle, où le journalisme et la littérature se donnent rendez-vous. Hovedoppgave, University of Oslo, 2003en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/25691
dc.description.abstract Anna Gavalda og novellegenren, der journalistikk og litteratur møtest Kva skjer når ei forfattarspire frekt og freidig saksar gode historier frå notisar i lokalavisa, kjøper seg ei brukt datamaskin og set seg til å skrive? Som mor til to er tida knapp, så forteljingane endar opp som noveller, noveller som til alle si store overrasking hamnar på bestseljartoppen i Frankrike i 1999. Vips er Anna Gavalda blitt Frankrike sin nye yndling, ikkje minst i litt meir glamorøse media der det passar seg å vera ung, blond og pen. Sjølv meiner opphavskvinna bak novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg (omsett til nynorsk og gjeven ut på Det Norske Samlaget), at ho driv med journalistikk på sin måte. Anna Gavalda sin formidable debutsuksess er utgangspunktet for hovudoppgåva Anna Gavalda og novellesjangeren, der journalistikk og litteratur møtest . Ei oppgåve som tek til med ein refleksjon over den gode historia sin retur i litteraturen, og Gavalda sin suksess som historieforteljar i eit Frankrike der den intellektuelle refleksjon får plass i høgsetet. I historiene til Gavalda blir det såkalla høge konfrontert med det låge , den gode smak blir utfordra av det nærast vulgære. Novellesjangeren, som i Frankrike blir rekna for å vera svært intellektuell, blir nytta som uttrykksform for å fortelje daglegdagse historier som balanserer på grensa til det banale. Det er difor enkelt å stemple Gavalda sine lettbeinte, sjarmerande historier som såkalla kiosklitteratur, eg nøyer med å kalle både forfattaren og novellene hennar for populære. Men Anna Gavalda si novellesamling er definitivt blitt ein kioskveltar, i likskap med dei meir tabloide avisene forfattaren hentar inspirasjon frå. Slik er Gavalda vorte mitt utgangspunkt for å sjå på kva påverknad media og deira tabloidiserte tema har hatt på litteraturen, ikkje berre i våre dagar, men også då forfattarar som Gustave Flaubert og Honoré de Balzac rådde grunnen. For banda mellom litteratur og journalistikk er mange, ikkje minst om ein set novella opp mot den journalistiske reportasjen. Gavalda sine arbeidsmetodar liknar mykje på reporteren sine, og dei har begge mykje å takke den litterære realismen for. Det er for så vidt ikkje noko nytt å påpeike dei sterke banda mellom realismen som litterær teori og reportasjen som journalistisk uttrykksform. Men eg har verken i Noreg eller i Frankrike lukkast i å finne døme på at nokon har freista å gå djupare inn i denne materien, for å undersøkje korleis realismen sine teoriar set sitt preg på reportasjen i praksis. Metodisk og også ideologisk, om ein kan bruke eit slikt omgrep, står realismen sine teoriar og reportasjejournalistikken kvarandre slåande nær, også i dag. Ikkje minst vert spora etter realismen tydelege hjå reporterar som har gitt seg i kast med nye uttrykksformer som nyjournalistikken på 1970-talet og no dei seinare åra den såkalla narrativ journalistikken. Allereie på 1920-talet skreiv Albert Londres og hans franske kollegaer reportasjar som minner mykje om det amerikanaren Tom Wolfe produserte femti år seinare. Londres var igjen sterkt påverka av dei store franske litterære forfattarane på 1800-talet, som også arbeidde som journalistar for inntektene si skuld. På same vis som den realistiske forfattaren, oppfører journalisten seg som om reportasjen hans ikkje er underordna andre reglar enn denne eine: teksten skal gi eit objektivt og autentisk bilete av røyndommen og livet. Den realistiske litteraturteori og reportasjen deler dessutan same synet på språket og språket sin funksjon i testen. Men medan litteraturteorien i dag hevdar at all tekst er konstruksjon og at teksten til sjuande og siste syner attende på seg sjølv og andre tekstar, er det underliggjande teoretiske grunnlaget til reportasjen framleis basert på realismen sine tekstteoriar. Å samanlikne ein litterær sjanger som novella med reportasjen som journalistisk uttrykksform synte seg å by på ein del hovudbry. For der litteraturen kan støtte seg på kilovis med teoriar, somme like gamle som Aristoteles, er det teoretiske grunnlaget for reportasjen som skriftleg uttrykksform heller tynt, både i Frankrike og i Noreg. Journalistar og journalistforskarar orsakar seg med at reportasjeskriving er eit handverk og ikkje ein teori. Men det held naturleg nok ikkje mål å halde fast på at journalisten skriv om røyndommen medan fantasien er forfattaren sitt utgangspunkt. For kor langt er det til dømes lov å strekkje bruke av verkemiddel før røyndommen går over i fiksjon? Og korleis går det i det hele teke an å meine at handlinga i ein konstruert tekst er verkeleg? Litteraturteoretikarane på si side kvir seg for å ta tak i tekstar som mange ser på som annanrangs i høve til den opphøgde kunstforma litteratur. Denne doble vegringa for å teoretisere og kategorisere reportasjen i si dobbelte form som litteratur og journalistikk, gjer det vanskeleg å koma fram til vasstette konklusjonar. Eitt er sikkert, i høve til litterær tekstteori har reportasjen eit teoretisk forklaringsproblem. Det vart klårt at for å kunne samanlikne reportasjen og novella på ein tilfredsstillande måte, var det også heilt naudsynt å undersøkje på kva område dei to typane tekstar skil seg frå kvarande. Kva gjer ei novelle til ei novelle, og kva gjer ein reportasje til ein reportasje? Det vart difor naturleg å gripe fatt i omgrep som røyndom og sanning , for å sjå på korleis desse set spor etter seg i den litterære teksten og i journalistikken. For medan forfattaren hevdar å skape sin eigen røyndom i teksten, uavhengig av verd utanfor teksten, held reporteren fram med ei såkalla avspegling av verda og røyndommen i dei journalistiske tekstane sine. Trass i at moderne litteraturteoriar hevdar at den einaste røyndommen som eksisterer finst i språket og i teksten, held journalisten trassig fram med sitt. Andre omgrep knytt til sansing og observasjon var det og naudsynt å ta fatt i, i likskap med debatten om språk og språket sin funksjon, som representasjon av røyndommen frå journalisten sitt synspunkt og som imaginært univers for forfattaren. For trass i nye trendar innan journalistikken, der narrative verkemiddel blir meir og meir stovereine, er det framleis store forskjellar på ei litterær novelle og ein reportasjetekst. Sjølv om desse forskjellane ikkje alltid er så lette å teoretisere og klassifisere. Men nettopp når skiljelinene mellom litteratur og journalistikk, mellom fiksjon og såkalla røyndom blir mindre og mindre synlege både i media og i litteraturen, er ei slik teoretisering og avgrensing både naudsynt og viktig. Svein Brurås, førsteamanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda, meiner at ein for liten del av den akademisk forskinga har overføringsverdi for journalistikken, i fylgje fagbladet Journalisten. Vidare meiner han at journalistikken kunne ha godt av å bli meir forskingsbasert. Reportasjen både som journalistisk og litterær sjanger treng i alle høve eit meir oppdatert teoriapparat å basere seg på. Det er med andre ord nok å ta fatt på, både for tradisjonelle akademikarar frie for fordommar og journalistikkforskarar utan teorivegring.nor
dc.language.isofraen_US
dc.titleAnna Gavalda et le genre de la nouvelle, où le journalisme et la littérature se donnent rendez-vousen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorFolkedal, Astriden_US
dc.subject.nsiVDP::024en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Folkedal, Astrid&rft.title=Anna Gavalda et le genre de la nouvelle, où le journalisme et la littérature se donnent rendez-vous&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2003&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-7880en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo13195en_US
dc.contributor.supervisorGro Bjørnerud Moen_US
dc.identifier.bibsys040098966en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata