Abstract
Hovudoppgåva mi søkjer å kaste lys over genren periegesis ved å undersøkje det største periegetiske verket i den greske litteraturen: 'Rundreise i Hellas' av Pausanias, som verka på 100-talet etter Kristus. Dette verket er ein reiseguide til det sentrale Hellas. Oppgåva inneheld ein kortfatta presentasjon av verket og forfattaren, ein gjennomgang av omgrepet monument, og ein analyse av oppbygginga av dei einskilde innførslane av monument og deira bestanddelar. I tillegg kjem eit appendix med ein tabell over alle innførslane i byane Argos, Epidauros, Lerna, Mantineia, Megalopolis og Tegea, med tilvisingar til kva type diskurs kvar inneheld.