Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:37:12Z
dc.date.available2013-03-12T11:37:12Z
dc.date.issued2003en_US
dc.date.submitted2003-06-10en_US
dc.identifier.citationWiig, Hans T.. Anerkjenningas politikk. Hovedoppgave, University of Oslo, 2003en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/24834
dc.description.abstractAnerkjenningas politikk Krav om anerkjenning av kulturell identitet, ikkje bare frå den signifikante andre, men også i form av politikk blir reist av stadig nye grupper av menneske. Kvinner, homoseksuelle og etniske minoritetar krev at politikken skal ta opp i seg spørsmål som har tyding for deria høve til å leve sine liv på ein måte som er likeverdig med det kulturelle fleirtalet eller den kjønnsmessige dominerandre gruppa. Den kanadiske ny-hegelianaren Charles Taylor meiner at denne trongen for anerkjenning må stillast i form av skilnadspolitikk, det vil seie politikk som er sensitiv overfor det partikulære ved tradisjonar og livsformer. Skinadspolitikken blir gitt legalpolitisk form av kollektive rettar. Taylor freister å skaffe inndekking for at hans modell for ein rettstat som priviligerer kollektive rettar i tilfelle av konflik mellom omsynet til kollektive og individuelle rettar, ikkje representerer eit brot med den liberale konstitusjonelle tradisjonen. Men at den tvert om at den bygg på same grunnleggande prinsipp om lik respekt og verdigheit. Taylors alternative liberalisme-modell er imidlertid meir radikal enn det han føregir. På den eine side tilbyr han ikkje ei plausibel grunngiving for grunnleggande individuelle rettar sin ukrenkeligheit i høve til sin eigen modell. På den andre siden funderer han sin avvising av individualrettsleg liberalisme på eit einsidig omgrep om autonomi. Jürgen Habermas imøtegår Taylor i spørsmålet om autonomi og viser ved ved hjelp av kantiansk innsikt at autonomi må forståast som både moralsk og politisk sjølvlovgiving. Og at desse er gjensidig definerte og såleis ikkje reduserast til anten den enkelte sin søkjen etter det gode eller individet sin politiske sjølvlovgiving. Utan ei slikt tosidig omgrep, kan Taylor ikkje gjere greie for grunnleggande rettar sin ukrenkelegheit. Og vidare vil omsetting av kulturelle verdiar til kollektive rettar medføre ei auka fare for intoleranse, og ikkje redusere slik Taylor meiner. Det er kontigente og ikkje logiske skiller mellom ein taylorsk libralisme og intolerant nasjonalisme. Habermas insisterer derfor på den konstitusjonelle liberalismen som bygg på individuelle rettar snarare enn kollektive. Med eit tosidig autonomi-omgrep er rettssubjektet ellereie støpt i anerkjenninga si form. I tillegg vil eit politisk fellesskap alltid også vere eit kulturelt fellesskap. Men kollektive mål må aldri få øydelegge lova si form, det vil seie loven sitt universialistiske siktemål. Sjølv om kollektive mål no ikkje kan forståast som framand for individualrettsleg liberalisme, vil proseduralliberalistisk politikk, slik Habemas forstår han, forståast innafor rammene av binære omgrepspar som rettferd vs det gode liv, generaliserbare interesser vs private verdiar. Desse binære para priviligerer visse livsformer eller visse kjønnsidentitetar i sin bestemming av politikken sitt område. Seyla Benhabib tar derfor til ordet for ein radikalt open diskursetikk, der inget tema a priori bør haldast utanfor ein politisk diskurs. At kravet om generaliserbarheit og universalitet ikkje kan gjelde som det prinsipp som bestemmer diskursens innhald. Vi får såleis ein diskursmodell for den liberale stat som opnar for at kulturelle, seksuelle og kjønnsmessige identitetar kan prøvast ut i den offentlege diskurs, og der skillet privat-offentleg såleis blir reforhandla. Og såleis kan tydinga av kva rolla som offentleg aktør såvel som privatperson endrast. Vi får ein offentlegheit som er open og kjenslevar for identitetens sin partikularitet, samstundes som ein ikkje oppgir prinsippet om den individualrettslege staten.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleAnerkjenningas politikken_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorWiig, Hans T.en_US
dc.subject.nsiVDP::161en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Wiig, Hans T.&rft.title=Anerkjenningas politikk&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2003&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-5782en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo11775en_US
dc.contributor.supervisorArne Johan Vetlesenen_US
dc.identifier.bibsys031109586en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata