Abstract
Denne oppgåva tek føre seg tilhøvet mellom silke og keisarleg drakt i Bysants. Ein høgt utvikla silkeindustri under keisarleg kontroll produserte silkestoff av finaste kvalitet. Silkeindustrien i riket tente keisaren sine politiske interesser samstundes som keisaren kledde seg i rike silkedrakter. Draktene var viktige element i keisarlege seremoniar og eit velutvikla og strengt regulert draktsystem formidla hierarkiet i samfunnet. Draktene vart såleis uttrykk for stand, stilling og rikdom. Keisarleg drakt skilde seg først og fremst ut gjennom fine silkestoff, purpurfarge og overdådig dekor i gull, perler og edelsteinar. Element ved draktene vart knytte til den religiøse sfæra og formidla såleis tanken om keisaren som opphøgd og halvt guddomeleg. Mange delemne innanfor temaet bysantinsk silke er enno ikkje forska på i stor grad og bysantinske termer er i mange tilfelle vanskelege å definera. Det gjer at det er vanskeleg å trekkja store konklusjonar av studiet. Ein kan likevel slå fast at keisaren sine silkedrakter formidla vikitge sider ved keisarrolla som uttrykk for makt, prakt og det opphøgde.