Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:32:25Z
dc.date.available2013-03-12T11:32:25Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-11-14en_US
dc.identifier.citationGilje, Maren Laurhammer. Barnet som inspirasjonskjelde for kunstnarkrinsen "Der Blaue Reiter" i perioden 1911-1914. Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/24668
dc.description.abstractKunstnarkrinsen Der Blaue Reiter såg på barnet som ei sentral inspirasjonskjelde i kunstskapinga. Gjennom ei tredelt problemstilling ser denne oppgåva nærare på korleis barnet influerte arbeidet med almanakken Der Blaue Reiter frå 1912. I almanakken inngår eit utval barneteikningar som saman med artiklane uttrykkjer korleis den barnlege mentalitet var viktig i søkinga mot eit autentisk uttrykk. Ved ei gjennomgong av dei inkluderte barneteikningane vert det lagt grunnlag for ei vurdering av kva funksjon barnet hadde for kunstnarane si eiga skaping gjennom samanstillingar av kunstnarane sine verk med barn sine kreative uttrykk. Dei mest sentrale kunstnarar med tanke på ei søking mot det barnlege var Wassily Kandinsky, Franz Marc, Gabriele Münter og Paul Klee. Det var ikkje berre innan kunstfeltet ein i tida rundt hundreårskiftet 1900 såg ei auka interesse for barnet. Oppgåva omtalar vidare korleis barnet innan ulike intellektuelle disiplinar vart sett på som ei viktig kjelde i søkinga mot dei fundamentale verdiar i samfunnet og i mennesket, i tillegg til å vera eit viktig reiskap for å fornya tanken og stilen. Innleiande i oppgåva vert krinsen Der Blaue Reiter presentert saman med ei utgreiing av gruppa sin samfunnsmessige posisjon og utvikling. Vidare vert det gjeve ei systematisk gjennomgong av almanakken Der Blaue Reiter. For å oppnå ei meir heilskapeleg forståing av kunstnarane si integrering av barnlege element i eiga skaping vert det greia ut om barneteikninga sitt særeigne uttrykk. Korleis arbeidar barnet og kva er det som kjenneteiknar den formale oppbygginga av teikninga. Vidare vert Der Blaue Reiter og kunstnarane sitt syn på barnet sett inn i ein større historisk og filosofisk kontekst, for å få ei forståing av kva det var som utløyste og påverka fokuset som oppstod på naive og primitive verkemiddel ved hundreårskiftet. Samfunnsstrukturar og utvikling i Europa kan langt på veg forklara kvifor og kva som gjorde det naive og primitive til viktige element, særleg innan den kunstnarlege, pedagogiske og psykologiske tanke. Ei returnering til det enkle og nærast barnlege verka som ei motvekt til eit industrialisert samfunn, der dei materielle krefter spela ei stadig større rolle. Saman med Vesten si kolonisering av mindre utvikla delar av verda fekk ein kjennskap til primitive kulturar, som danna eit bilete av folkegrupper som verka å vera på eit tidlegare utviklingsstadium. Blant forskarar vart dei samanlikna med barn, som igjen kunne karakteriserast som eins eigne villmenn .nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleBarnet som inspirasjonskjelde for kunstnarkrinsen "Der Blaue Reiter" i perioden 1911-1914en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-03-27en_US
dc.creator.authorGilje, Maren Laurhammeren_US
dc.subject.nsiVDP::120en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Gilje, Maren Laurhammer&rft.title=Barnet som inspirasjonskjelde for kunstnarkrinsen "Der Blaue Reiter" i perioden 1911-1914&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-14607en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo48151en_US
dc.contributor.supervisorMarit Werenskiolden_US
dc.identifier.bibsys070344884en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata