Abstract
SAMANDRAG
I oppgåva tek eg føre meg avisdebatten om nybygget på Valdres Folkemuseum i perioden 1999 2004. Debatten opna for eit ordskifte om stil og smak og korleis nybygget skulle sjå ut. Eg stilte spørsmålet om det var mogleg å peike ut nokre hovudretningar av dette meiningsmangfaldet. Oppgåva viser i fyrste omgang korleis smaksmangfaldet (grovt sett) peika i to retningar. Den eine retninga ynskte eit nybygg tufta på den lokale byggjeskikken i Valdres. Den andre retninga såg føre seg eit modernistisk nybygg, som eit klart brot med den lokale byggjeskikken. Smaksmangfaldet er godt underbygd med døme frå etnologien og arkitekturhistoria, og syner at tema som tradisjon, heimstad, røter og identitet er viktige føresetnader for val av stilart. Det er også stikkorda framtid, byggje i tida , ikkje vere bakstreversk , 2000-tal , og tolking i staden for kopiering av gamal byggjeskikk. Og alle desse omgrepa nyttar ein om kvarandre. Men det er openbart at ein legg ulik forståing i dei. Dette skapar sjølvsagt stor forvirring om kva omgrepa eigentleg tyder.
Ulik forståing av omgrepet byggjeskikk kan synast å vere til hinder for eit konstruktivt ordskifte. Eg stiller derfor spørsmålet kva dette omgrepet tyder. Er det eit sjangeromgrep, eller skal ein forstå det deskriptivt? Likevel er det i ein samtidskontekst ein får størst problem med å definere omgrepet. Grunnen til slik kommunikasjonssvikt er at aktørane i debatten har utgangspunkt i svært ulike (fag)tradisjonar. Byggjeskikk handlar for nokre om konkret vidareføring av dei sterkaste særtrekka i den gamle byggjeskikken. For andre handlar omgrepet om ei meir abstrakt tilnærming som vanlegvis fører til klare brot med gamal byggjeskikk.
Ikkje uventa vart debatten eit tradisjonelt ordskifte om det til dømes skulle vere rausta eller flate tak. Men like mykje handla debatten om kven nybygget skulle byggjast for, og kven som var best skikka til å teikne det. Var det folk frå Valdres, eller var det akademiske tullebukkar frå by`n, for å sitere ein innsendar. Omgrepa folk flest og akademikar opna etter kvart for nye perspektiv på debatten, og ein såg antydning til sosial strid mellom desse gruppene. Dette er også noko eg får underbygd i dei velkjende teoriane til den franske sosiologen Pierre Bourdieu, sjølv om han skildrar eit anna sosialt landskap enn det norske.