Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:29:06Z
dc.date.available2013-03-12T11:29:06Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-31en_US
dc.identifier.citationNicolaisen, Marie. Den nakne, naturbarnet og krigaren. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/24314
dc.description.abstractEdward Sheriff Curtis sine indianarfotografi er i dag velkjente. Fotografi som The Vanishing Race og An Oasis in the Badlands er kjente bilete som for mange er sjølve bilete på den nordamerikanske indianaren. I det analytiske arbeidet i denne masteroppgåva tek eg for meg det tekstlege og fotografiske arbeidet frå Curtis sitt majestetiske verk The North American Indian. Igjennom fokus på indianargruppene Apache, Navaho og Sioux ynskjer eg å sjå på kva førestillingar om indianaren som Curtis formidlar i det teksteleg og visuelt materiale sitt. Det analytiske arbeidet er lagt fram i tri analysekapittel som kvart er knytt til kvar av dei tri indianargruppene. Tematikken for desse analysekapitela har eg kome fram til igjennom ein nærlesingsstrategi der samanhengen mellom det tekstlege og det fotografiske materiale har vore sentral. Apacheindianarane er studert i fyrste analysekapittel der fokuset har vore på korleis Curtis formidlar indianarane sitt primitive levesett blant anna igjennom fokus på nakenskap. Navahoindianarane vart omhandla i det andre analysekapittelet og her har eg sett på korleis Curtis set indianarane i samanheng med dei naturlige omgjevnadane. I det avsluttande analysekapittelet var fokuset på siouxindianarane. I dette kapittelet har eg særlig sett på korleis ein krigersk indianarfigur skrir fram i materiale og set denne figuren i samanheng med Curtis sin ide om ”tha vanishing race.” Ideen om at indianarane ikkje kan overleve om dei skal halde fast på sitt tradisjonelle levesett. Om dei ikkje vert assimilert inn i den vestlege verda kjem dei til å døy ut. Denne tankegangen var eit viktig premiss for heile Curtis sitt prosjekt og tankegangen set han samtidig i samanheng med europeiske innsamlingsprosjekt ein fann i den tidlige folkloristikken. Ein vesentleg del av det analytiske arbeidet har vore å sett på kva premiss som ligg til grunn for Curtis si forståing og hans tekstlege og fotografiske uttrykk. Dette er i stor grad knytt til eldre filosofisk tankegods og tekstlege og visuelle framstillingar av indianarar, men også meir konkrete historiske hendingar og andre meir samtidige kulturelle framstillingar. Med den teoretiske innfallsvinkelen til oppgåva, knytt til dikotomien mellom det moderne og det tradisjonelle, framstillinga av den andre og folkloristane Rickard Bauman og Charles L. Briggs sin fokus på tradisjon og språket si makt har eg også prøva å vist korleis The North American Indian prosjektet kan sjåast i samanheng med heile den moderne tenkinga.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDen nakne, naturbarnet og krigaren : indianaren i Edward Sheriff Curtis' The North American Indian.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-02-05en_US
dc.creator.authorNicolaisen, Marieen_US
dc.subject.nsiVDP::075en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nicolaisen, Marie&rft.title=Den nakne, naturbarnet og krigaren&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-31737en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo165652en_US
dc.contributor.supervisorKyrre Kverndokken_US
dc.identifier.bibsys130581321en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/24314/1/Nicolaisen-Master.pdf
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/24314/2/Nicolaisen-Master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata