Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:29:01Z
dc.date.available2013-03-12T11:29:01Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-04-18en_US
dc.identifier.citationKvalvik, Anne Grete. "Funkis for folk flest". Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/24287
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om folkeleg bruk og oppfatning av atriumhus, basert på intervju og observasjonar i 11 hus i Alunsjø borettslag på Ammerud i Oslo. Desse husa vart bygd på siste halvdel av 1960-talet. OBOS var byggherre. Utførande arkitekt var Håkon Mjelva, modernist og tidlegare medlem av PAGON-gruppa. PAGON ønskte å hente fram att funksjonalismen frå 1920- og 30-talet, ikkje berre som stil, men som metode og program. Hus skulle gje mennesket optimale utviklings- og vekstvilkår, dei måtte såleis konstruerast innanfrå og ut. Eg har valgt å samanlikne atriumhuset med einebustaden, og det er tre karakteristikkar ved denne eg ser atriumhuset i lys av. Det er skiljet privat – offentleg, huset som prosess, og representasjon utvendig. På eit overordna nivå ønsker eg å finne ut noko om forholdet mellom folk flest og ein kulturell elite. Atriumhusa vart bygd slik at alle vindauge vende ut mot det lukka atriet. Slik vart det eit skarpt skilje mellom det private og det offentlege. Bebuarane har likevel funne fram til ulike måtar å skape halvprivate soner på. Det kan vere benken ved inngangen, som gjer det muleg å komme i kontakt med folk som passerar, eller vindauge i ytterveggen, slik at ein oppnår kontakt mellom inne og ute. At ein ønsker å sjå ut på naboane blir fort forveksla med det å vere nysgjerrig, ein ikkje heilt akseptert eigenskap. Men ein kan óg sjå det som ein trong for å orientere og plassere seg sjølv i verda, også når ein er heime i sitt eige hus. Når det gjeld huset som prosess, ser eg spesielt på gangen/entréen og kjøkenet. Kjøkenet har hatt fleire utformingar siste hundreår, og vi kjenner til omgrep som laboratoriekjøken og bondekjøken. Det var laboratoriekjøkenet som vart valgt på Ammerud. I dei seinare åra har kjøkenet integrert i stova blitt på moten. På Ammerud finst i dag alle variantar side om side, men det er dei yngste som har den integrerte typen. Medan det store kjøkenet er eit allrom der ein sjølv definerar det som representasjonssone eller privat sone, alt ettersom, meinar eg det representative blir vektlagt ved det integrerte kjøkenet. Gangen vart heller ikkje stor i atriumhusa, noko fleire har gjort noko med. Og grunnen til endringane finn eg i den norske kulturen, der overgangssone mellom ute og inne er eit vesentleg poeng. Gangen har ikkje berre som funksjon å verne den varme heimen mot kulde, men er óg eit rom der ein førebur seg på å tre inn i heimen; ein kler av seg varmt yttertøy og skitne sko. Atriumhusa legg likevel til rette for endringar inne i bustaden, om motivasjonen ligg i kulturelle forstillingar eller endra familietilhøve, sidan innvendige veggar ikkje er berande. Når det gjeld sjølvrepresentasjon, vart mangelen på vindauge ein måte å hindre folk i å vise individuell smak utad, og samtidig verna det arkitekten sin eigen estetikk. Enkelte har gått utover dei reglane burettslaget har sett, utan at det har skapt store avvik. Istaden ser eg det fleire forskarar påpeikar; når folk viser individualitet, gjer dei det på same måte. Atriumhusa kjem alt i alt godt utav samanlikninga med einebustaden. Folk aksepterar i stor grad strenge reglar for sjølvrepresentasjon, dette meinar eg heng mykje saman med den grundige informasjonen dei første bebuarane vart utsette for på 1960-talet. Den kulturelle eliten var lite lydhøyr overfor folk sine meiningar. Ved å nytte den faglege eliten sine kodar og reglar, har bebuarane likevel oppnådd å gjere si stemme gjeldande. Det er såleis dei som har vist seg som grenseoverskridande, ikkje kultureliten.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Funkis for folk flest" : om folkeleg bruk av atriumhus på Ammerud, sett i eit kulturhistorisk perspektiven_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2011-10-12en_US
dc.creator.authorKvalvik, Anne Greteen_US
dc.subject.nsiVDP::075en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Kvalvik, Anne Grete&rft.title="Funkis for folk flest"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-24762en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo100894en_US
dc.contributor.supervisorArne Lie Christensenen_US
dc.identifier.bibsys110553802en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/24287/2/MasterEndeleg180410.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata