Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:25:09Z
dc.date.issued2011en_US
dc.date.submitted2011-06-20en_US
dc.identifier.citationLien, Geir Ivar. Skjels år og alder: ideologiske myter og menneskets lodd gjennom auga til to tragiske humanistar. Masteroppgave, University of Oslo, 2011en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/24211
dc.description.abstractEg vil med denne oppgåva freiste å vise og gjere greie for eksistensialismen i den tidlege forfattarskapen til Ōe Kenzaburō1 2 (1935-) generelt, og skissere dynamikken mellom det aktive og det passive politiske3 mennesket som er serskilt viktig i boka Tid for fotball4 spesielt. Dette er ein av fleire viktige tema i dette komplekse verket. Fyrst og fremst vil eg freista å setja verket i ein tradisjon av metafysisk litteratur for deretter å studere eksistensialismen og dynamikken i høve til Sartre, Bakhtin og Eliade. For å ikkje avgrense analysen til eit verk frå eit framandt land vil eg nytte meg av det meir heimlege forfattarskapet til Dag Solstad (1941-), spesielt med verket Arild Asnes, 1970 (1971) som eit komparativt rammeverk. Sjølv om tradisjonane desse romanane skriv seg inn i i all hovudsak er generelle og europeiske, i motsetnad til å vere eksotiske tankestrøymingar spesielle for dei respektive nasjonane, finn vi sterke skildringar av nasjonale tilhøve som kan lesast på eit plan som transcenderer nasjonsgrenser. Ei komparativ lesing vil vere nyttig for å kunne trekke ein interkulturell lærdom ut av det heile og ikkje minst for at ein på dette viset unngår å miste Ōe ned i ei orientalistisk fallgruve som jo er lett å gjere når ein studerar ting frå utsida. Slik kan ein forhåpentlegvis lese litteraturen grenselaust og sjå nett det som overskrider slike kunstige avstengingar. Problemstillinga mi er: Protagonistane i Ōe Kenzaburōs5 Tid for Fotball6 og Dag Solstads Arild Asnes, 19707 8 står som uttrykk for ein indre splid mellom det passive og det aktive mennesket. Med andre ord handlar det om engasjement på den eine sida og intellektuell maktesløyse på den andre. Makteslausheita fører til ei passivisering og til at dei står på sidelinja av den intellektuelle straumen i tida. Eg vil ved å studere desse to verka komparativt, skissere eksistensialismen dei set som eit felles utgangspunkt og sjå på korleis dei freistar å frigjere seg frå denne passiviserande tilstanden gjennom bilete og myter, i tillegg til å finne viktige eksistensielle tangeringspunkt i forfattarskapa. 1 Alle japanske namn er skrivne på japansk vis med etternamn fyrst. 2 大江健三郎 [Ōe Kenzaburō]. 3 Det politiske mennesket må her ikkje misforståast som Ōes politiske vesen (seijiteki ningen), som eg skal forklare i analysedelen. 4 Originaltittel er万延元年のフットボール [Man'en gan'nen no futtobōru]. 5 Lang vokal vert skrive med diakritisk makron og japanske namn vert skrive på japansk konvensjon med etternamnet fyrst. Grunna eit problem med versjonen eg nyttar av Word (2007) er det ikkje alltid at den diakritiske makronen syner i fotnotane. 6 Når det gjeld japanske boktitlar vil eg so langt det eksisterar nytte den norske omsetjinga, om ei slik ikkje foreligg vil eg nytte den japanske tittelen med romanisering à det reviderte hepburn systemet og eventuelt den ålment godtekne engelske omsetjinge i ei påfølgande fotnote. Kinesisk vert skriven med hanyu romanisering utan toneanmerking med mindre det er sitert i ei anna form. 7 Heretter vil eg referere til verket som Arild Asnes, 1970 og sjølve romanfiguren som Arild Asnes eller berre Asnes.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSkjels år og alder: ideologiske myter og menneskets lodd gjennom auga til to tragiske humanistar : Ei komparativ analyse av Ôe Kenzaburô og Dag Solstad sine omgrep om eksistensialisme og det å frigjere seg gjennom myteren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-02-08en_US
dc.creator.authorLien, Geir Ivaren_US
dc.date.embargoenddate10000-01-01
dc.rights.termsDette dokumentet er ikke elektronisk tilgjengelig etter ønske fra forfatter. Tilgangskode/Access code Aen_US
dc.rights.termsforeveren_US
dc.subject.nsiVDP::034en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Lien, Geir Ivar&rft.title=Skjels år og alder: ideologiske myter og menneskets lodd gjennom auga til to tragiske humanistar&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2011&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-30444en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo129955en_US
dc.contributor.supervisorReiko Abe Auestaden_US
dc.identifier.bibsys120347652en_US
dc.rights.accessrightsclosedaccessen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/24211/2/Lien.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata