Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:19:39Z
dc.date.available2013-03-12T11:19:39Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-10-28en_US
dc.identifier.citationHøydal, Una Geirrun. Himmelhestar og helhundar. Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/24046
dc.description.abstractI den norrøne mytologien er det påfallande kor ofte dyr er omtala. Dei har mange roller, frå dei store og avgjerande til dei mindre synlege. Mitt prosjekt har vore å undersøke om dyra har bestemte funksjonar i mytane, og i såfall kva desse går ut på. Kjeldene er gudedikta i Eddakvede, samt Yngre edda fram til "Oterbota" i Skaldskaparmål. Eg har arbeidd komparativt i høve til anna religionshistorisk materiale. I tillegg har eg bruka folkloristiske og arkeologiske kjelder. Avslutningsvis har eg eigne kapittel om dyra i det arkeologiske materialet og i overgangen til kristendomen. I botn av undersøkinga har eg hatt Gro Steinslands påvising av den norrøne hovudmyten, ein grunnstruktur som syner ein måte å oppfatte verda på. Den norrøne hovudmyten handlar om tiltrekking og motsetjing mellom dei polære universelle kreftene, kosmos og kaos, uttrykt gjennom forholdet mellom æser og jotnar. Mitt utgangspunkt var å undersøke om dyra på nokon måte pasa inn i denne grunnstrukturen. Eg har og lagt til grunn Stanley Walens utsegn om at dyr kan ha forskjellige symbolske innhald i dei ymse laga av kosmologien. Eg har undersøkt dyras funksjon i desse delane av kosmologien: Kosmogonien,oppretthaldinga av den fysiske verda,undergangen, forholdet til maktene, samt i døden og dødsrika. Det viste seg at dyras funksjon er samanfallande i dei tre fyrste delane. Det gjennomgåande trekket i desse er at dei domestiserte dyra representerer æsene og den ordna verda. Dei ville tilhøyrer jotunverda. Når denne kjennsgjerninga var etablert, var det påfallande korleis dyra passa inn i den norrøne hovudmyten som representantr for maktene. Når dei er med i skapingsprosessar, i førestellingar om den fysiske verda og i ragnarokkampen, har dei alltid roller som den eine av dei polære universelle kreftene. Når det gjeld forholdet til maktene, samt til døden og dødsrika,går kosmos/kaos dikotomien i oppløysing. Æser og jotnars ridedyr og køyredyr representerar både aspekt ved maktene og sosial status. I mytane knytt til døden, er funksjonane ikkje eintydige. Dyra er deltakarar i førebuinga til ragnarok, og dei er aspekt ved gudane. Hesten er i mytologien i ei særstilling. Han er uttrykk for sosial status, og han er grenskryssaren. Ikkje bare krysser han grensa til dødsriket, men og grensa mellom maktene. Med det kan han tilhøyre både æser og jotnar. Undersøkinga viser at dyra i mytologien spelar store og viktige roller. Dei blir sett på med respekt og har kvalitetar og evner som kan måle seg med, og til og med overgå, æser og jotnar. I kristendomen blei dyra underlagt eit antroposentrisk og monoteistisk verdssyn, og dei mista den respekten dei hadde i den norrøne førestellingsverda.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleHimmelhestar og helhundar : Dyra og dei funksjonane dei har i norrøn mytologien_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-11-09en_US
dc.creator.authorHøydal, Una Geirrunen_US
dc.subject.nsiVDP::153en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Høydal, Una Geirrun&rft.title=Himmelhestar og helhundar&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-5241en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo6724en_US
dc.contributor.supervisorGro Steinslanden_US
dc.identifier.bibsys030128153en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata