Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:19:29Z
dc.date.available2013-03-12T11:19:29Z
dc.date.issued2004en_US
dc.date.submitted2004-10-25en_US
dc.identifier.citationStige, Petter. DEATH IS NOT THE END. Hovedoppgave, University of Oslo, 2004en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23964
dc.description.abstractDenne hovudfagsoppgåva er ei undersøking av forestillingar om verdas ende, død, dom, oppstode, helvete og evig liv i tekstar av Bob Dylan. Vi har med andre ord satt oss fore å seie noko om eskatologien i Bob Dylan sine tekstar. Utgangspunktet for arbeidet var følgande spørsmål: Kva kjenneteiknar eskatologien i Bob Dylan sine tekstar? Korleis kan den klassifiserast? Kva betydning har eskatologien i ulike delar av Dylan si karriere? Kva slags endringar kan vi eventuelt sjå? Kva er eskatologien påverka av? Desse spørsmåla har vi prøvd å svare på gjennom tematiske lesingar av Dylan sine tekstar, og dette er det vi kom fram til: I perioden 1962-1966 ser Dylan sine tekstar om dei siste ting ut til å vere mest i slekt med jødisk eskatologi: Vi ser påverknad frå forestillingar om Herrens Dag, fokuset er mest på den kollektive undergangen, og dei eskatologiske tekstane opptrer gjerne saman med refsande og samfunnskritiske tekstar i tråd med gammaltestamentleg profetisk tradisjon. I løpet av perioden 1966-1979 endrar Bob Dylan sin eskatologi seg: Fleire av tekstane konsentrerer seg om enkeltmenneske sin død, den individuelle eskatologien tek altså til å spele ei større rolle. I løpet av denne delen av karriera tek Dylan også til å skrive om oppstode og reinkarnasjon, og vi ser påverknad frå gammalegyptisk religion, buddhisme og hinduisme. Den viktigaste endringa i denne perioden er likevel den tydelege rørsla i retning av kristen eskatologi som vi ser på slutten av denne perioden. Den perioden som skil seg mest ut frå ein eskatologisk synsvinkel er 1979-83. I desse åra er eskatologien tydeleg påverka av Dylan si tilknytning til den evangelisk-kristne rørsla Vineyard. Eskatologien her er både kollektiv og individuell, og vi finn eit skarpt skille mellom frelste og ikkje-frelste si skjebne i livet etter døden. I perioden 1983-2003 distanserer Dylan seg frå den evangelisk-kristne posisjonen sin, men påverknad frå kristen eskatologi held fram med å spele ei viktig rolle. Eskatologien i denne perioden er meir mollstemt og pessimistisk enn tidlegare. Her finn vi òg fleire tekstar om himmelen, eit eskatologisk motiv som tidlegare er svært lite omtalt i Bob Dylan sitt verk. Gjennom heile karriera ser vi direkte og indirekte påverknad frå Bibelen, dette gjeld både i den første fasen av Dylan sitt verk når eskatologien hans mest står i ein jødisk tradisjon, og seinare når Dylan sine tekstar om dei siste ting i størst grad kan knyttast til kristen eskatologi. Undersøkinga vår har vist at eskatologien er eit sentralt tema i brorparten av Bob Dylan sitt verk, og temaet fortener etter vårt syn såleis større merksemd enn det har fått i den eksisterande Dylan-litteraturen. Generelt kan vi seie at Bob Dylan sin eskatologi i stor grad kretsar rundt verdas ende, død og dom, mens oppstode, helvete og evig liv får mindre merksemd.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDEATH IS NOT THE END : Ei undersøking av eskatologien i Bob Dylan sine tekstaren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorStige, Petteren_US
dc.subject.nsiVDP::153en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Stige, Petter&rft.title=DEATH IS NOT THE END&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2004&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10410en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo21682en_US
dc.contributor.supervisorSigurd Hjeldeen_US
dc.identifier.bibsys050213369en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata