Abstract
Denne hovudoppgåva tek for seg det kulturelle møtet mellom bygdefolk og hytteturistar på Beitostølen i Valdres fram til ikring 1980. Det kulturelle møtet syner to grupper med svært ulike kulturelle føresetnader. For budeia og folket på stølane var det omsynet til husdyra og arbeidet på stølen som styrte dagane. For hytteturistane derimot var naturen og opphaldet på stølane eit middel for andre mål. For stadig nye grupper av befolkninga var ferie og fritid ei ny tid som måtte fyllast med nye kultur- og fritidsbaserte aktivitetar.
På bakgrunn av dei ulike kulturelle føresetnadene avgrensa det kulturelle møtet seg i hovudsak til det ytre rommet utanfor den private sfæren. Samkvemmet mellom bygdefolk og hytteturistar var eit møte på turistane sine premissar, når og viss turistane sjølve hadde tid. Det var i stølstrøa det kulturelle møtet mellom bygdefolk og turistar på hyttene gjekk føre seg. Hytta som kulturell møteplass var ein ukjend arena for budeia og familien hennar. Vidare baserte det kulturelle møtet seg på tenesteyting mellom gruppene. Samkvemmet var med andre ord todelt: I stølstrøa fann ein både kulturell næring og det daglege spannet med mjølk.
For å nå eit analytisk perspektiv på problemstillinga har eg nytta visse teoretiske innfallsvinklar knytte til identitet, modernitet og stereotype førestellingar. Den veksande hyttekulturen ber i seg ein nostalgisk lengsel. Den vesle brune hytta, turane innom stølen og ein sliten anorakk er alle ein kompensasjon for det kvardagen heime ikkje kan gje. Stølskulturen blir som eit kulturelt varelager: Vi shoppar og hentar element frå ein kuriøs og eksotisk stølskultur som eit ledd i vår eiga identitetsdanning.
Den sosialdemokratiske orden har både før og etter den andre verdskrigen gjort det han kan for å viske ut dei sosiale skilja mellom borgarskap og arbeidarar. Samstundes syner kjeldematerialet ei levande og reell førestelling om ulikskap mellom gruppene. Dei stereotype oppfatningane seier noko om dette. Hytteturistane framstiller bygdefolket i enkle, men også rosande og til tider eksotiske ordelag. Bygdefolket teiknar derimot eit negativt bilete av hyttenaboane sine. Dei stereotype oppfatningane som hytteturistar og bygdefolk har av kvarandre, er såleis med på å plassere gruppene i eit hierarkisk og klassedelt samfunn: ein underordna bygdekultur og ein overordna hyttekultur. Dermed ligg eit konfliktperspektiv til grunn for det kulturelle møtet. Ulike konfliktfelt mellom bygdefolk og hytteturistar kjem til syne, men også motsetnader innetter i gruppene, særleg mellom bygdefolk.