Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:11:40Z
dc.date.available2013-03-12T11:11:40Z
dc.date.issued2003en_US
dc.date.submitted2003-03-23en_US
dc.identifier.citationRee, Idar. Utvandrarar frå Stavanger 1903 og 1913. Hovedoppgave, University of Oslo, 2003en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23780
dc.description.abstractHovudmålet mitt med å studera utvandrarane frå Stavanger var å retta fokus på byemigrantane. For utvandringa frå norske byar er tradisjonelt blitt sett på som ei forlenging av flukta frå landsbygda, der byane har fått status som 'mellomstasjonar'. Denne haldninga finn me både blant historikarar og litterære forfattarar, trass i at utvandringa frå norske byar relativt sett var høgare enn frå bygdene allereie frå 1890-åra av . Til dømes forklarer nestoren i norsk utvandringshistorie, Ingrid Semmingsen, dei høge utvandringstala frå byane med at dei som utvandra frå byane var dei same personane som tidlegare hadde flytta inn frå bygdene. Byen vart såleis berre eit middel til å koma seg vidare til Amerika. Gustav Sundbärg, prosjektleiar for den store svenske "Emigratiuonsutredningen", hevda at det berre var misforholda i jordbruket som kunne forklara utvandringa frå Sverige. Forfattarane Vilhelm Moberg, Ole E. Rølvaag og Alfred Hauge skreiv om dei jordlause bøndene som leita etter ny jord i det løfterike landet. Men med så høge utvandrartal frå byane, og når det for til dømes Stockholm var 80% av dei innflytta utvandrarane som hadde budd meir enn 2 år i byen, meiner eg det må ha vore snakk om reelle forsøk på å slå seg til ro og skapa eit utkomme der. For å få fram om stavangeremigrantane frå 1903 og 1913 var 'ekte' byfolk, eller om dei var bønder frå distrikta rundt, brukte eg ein metode utvikla av den svenske migrasjonsforskaren, Fred Nilsson (1971). Nilsson grupperte fyrst utvandrarane frå Stockholm i 3 kategoriar etter lengda på opphaldet i byen og skilde mellom, 'gjennomstrømsemigrantar', som hadde budd 1 år eller mindre i byen, ei 'mellomgruppe', med 2-4 år bak seg i byen, og 'etablerte byborgar', som hadde budd 5 år eller meir i byen. I tillegg kom dei som var fødde i byen. For stavangerutvandrarane freista eg difor å spora opp adressa i byen dei 5 siste åra fø avreisa til Amerika. Nilsson såg i tillegg på flyttefeltet til emigrantane. For utvandrarane frå Stavanger spora eg opp fødestaden på dei som tidlegare hadde flytta inn til byen. Med opplysningar om lengda på opphaldet i byen og kjennskap til kva type miljø emigrantane opphavleg kom frå, kunna eg avgjerda om utvandrarane frå Stavanger kan kallast urbane eller rurale. Informasjonen om adresse i byen kunne eg i tillegg bruka til å avsløra om det var visse delar av byen som rekrutterte flest utvandrarar, og om dei innflytta emigrantane og dei stavangerfødde budde i same stroka, eller om innflyttarane helst busette seg i eigne område. Resultata frå Stavanger har eg samanlikna med liknande studiar frå Stockholm, Kristiania og Bergen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleUtvandrarar frå Stavanger 1903 og 1913 : ein studie i urban migrasjonen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorRee, Idaren_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ree, Idar&rft.title=Utvandrarar frå Stavanger 1903 og 1913&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2003&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-7061en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo9448en_US
dc.contributor.supervisorOdd S. Lovollen_US
dc.identifier.bibsys031779360en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata