Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:12:47Z
dc.date.available2013-03-12T11:12:47Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-11en_US
dc.identifier.citationHatledal, Kristin. Krigsheltinne eller tyskarjente?. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23752
dc.description.abstractUnder andre verdskrig deltok norske kvinner i motstandsarbeid for å få slutt på okkupasjonen i Noreg, og for at dei allierte skulle vinne andre verdskrig. Desse vart etter krigen heidra for den innsatsen dei hadde gjort for landet sin fridom. Andre norske kvinner forelska seg i tyske soldatar, og vart av mange etter krigen sett på som landssvikarar. Historia om krigen i ettertid har også i stor grad vore skrive etter dette mønsteret, med eit skarpt skilje mellom den minoriteten som sveik, og resten av landet som stod sterke i kampen mot det tyske okkupasjonsstyret. Men var skiljelinjene alltid like klare? Dagmar Lahlum representerer ei historie ved norsk motstandsverksemd som har komme lite fram tidlegare. Ho vart etter krigen skulda for å vere tyskarjente, og fekk oppretta landssviksak mot seg fordi ho hadde tatt seg jobb i det tyske tryggingspolitiet (Sipo). Det var også slik omgivnadane såg på ho heilt til ho døde i 1999. To år seinare vart det nedgradert britiske arkivrapportar som sa at ho hadde vorte rekruttert til teneste for det britiske etterretningsvesenet gjennom kjærasten Eddie Chapman, og at ho før det skulle ha vore med i den norske heimefronten. I oppgåva har eg prøvd å komme nærmare ei sanning om kva Dagmar Lahlum gjorde av motstandsarbeid under krigen, og eg har sett nærmare på landssvikstraffa hennar etter krigen. Hovudfunna her er at Dagmar Lahlum med stort sannsyn vart rekruttert til britisk etterretningsvesen. Ho vart likevel dømt for landssvik etter krigen. Dette kom av at verken ho sjølv eller nokon andre fortalde noko om etterretningsarbeidet. I oppgåva har eg også vist til at landssvikstraffa til Lahlum var vel streng i høve til det brotsverket ho skulle ha gjort, og at dette mogelegvis kan forklarast med stempelet ho hadde som tyskarkvinne. Til slutt i oppgåva har eg samanlikna Dagmar Lahlum si historie med historiene til fem andre kvinner som var med i etterretningsarbeid under andre verdskrig. Ei av dei opplevde mykje av same lagnaden som Dagmar Lahlum, medan dei fire andre aldri opplevde ei slik etterkrigshistorie. I oppgåva har eg drøfta kva denne skilnaden kom av. Eg har satt fram to forklaringsfaktorar som eg meinar har vore avgjerande her. Den første går på i kva grad dei brukte seksuelle verkemiddel i etterretningsarbeidet, og den andre går på kva nettverk kvinnene hadde rundt seg, både i motstandsrørsla og hos familie og venner.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKrigsheltinne eller tyskarjente? : historia om Dagmar Lahlum - i lys av andre etterretningskvinneren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-09-25en_US
dc.creator.authorHatledal, Kristinen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hatledal, Kristin&rft.title=Krigsheltinne eller tyskarjente?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22324en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo91674en_US
dc.contributor.supervisorGro Hagemannen_US
dc.identifier.bibsys093352395en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23752/1/MicrosoftxWordx-xMasteroppgxvexixhistoriexvxrenx2009xavxKristinxHatledal.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata