Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:10:14Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-11-04en_US
dc.identifier.citationGjernes, Marta. Jødar i Kristiania. Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23683
dc.description.abstractFrå opphevinga av jødeparagrafen i 1851 og fram mot hundreårsskiftet innvandra dei fyrste jødane til Kristiania. Til saman er det registret 734 jødar som oppheldt seg i Kristiania frå 1851 til og med 1900. Truleg var det snakk om fleire. Før 1880 var det likevel få som kryssa grensene til Noreg og Kristiania. Fyrst med den austjødiske innvandringa vart innvandringa av eit slikt format at det vart skapt grunnlag for ein varig busetnad. Tilhøva i det jødiske busetnadsområdet i tsarriket var svært vanskelege for jødane. Sterk folkeauke, økonomiske omveltingar og undertrykking hadde fjerna livsgrunnlaget for mange. Til saman kom om lag fire millionar jødar frå Aust-Europa til å reisa vestover, spesielt til USA. Innvandringa til Kristiania var berre ein liten utløpar av denne store emigrasjonen. Dei fyrste austjødiske innvandrarane som kom til Kristiania var hovudsakeleg frå tre kjerneområde i det russiske tsarriket, den nordvestlege delen av guvernementet Kovno, guvernementet Suwalki med næraste omkrins og guvernementet Vilna. Fleire av desse innvandrarane hadde òg opphelde seg i Sverige nokre år før dei kom til Kristiania. Der hadde dei drive med omførselshandel. Denne verksemda vart og vanleg blant jødane i Kristiania. Familien var att i hovudstaden, medan mennene reiste rundt på bygdene med varer. Etterkvart var det fleire og fleire som fekk seg eige forretning. Innvandrargruppa opplevde positiv sosial mobilitet innanfor handelsnæringa. Dette skjedde dels individuelt og dels mellom generasjonane. Hjå andre generasjon var det òg fleire som tok høgare utdanning. Eit teikn på sosial mobilitet er òg synleg i busetnadsmønsteret. I byrjinga budde innvandrargruppa konsentrert om eit mindre attraktivt område av byen. Flyttemønsteret gjekk etterkvart mot meir velståande strok og bustadstandarden vart betre. Både på arbeidsmarknaden og bustadmarknaden var det ein konsentrasjon av dei jødiske innvandrarane innanfor visse områder. Innanfor desse områda utvikla det seg nettverk med utgangspunkt i den etniske gruppa. Nye innvandrarar fekk hjelp med å koma seg til rette både med omsyn til bustad og arbeid. Nettverket førte ikkje til isolasjon. Gjennom det etniske samhaldet fann nye innvandrarar ein veg inn i samfunnet. Det å få delta i samfunnet og det å verta møtt med aksept, vart sett på som viktig hjå dei jødiske innvandrarane. Men den negative stigmatiseringa som vart retta mot den jødiske verksemda førte til eit dilemma. Den jødiske nisjen på arbeidsmarknaden hadde gjeve rom for den sosiale mobiliteten. Samtidig møtte dei negativ stigmatisering som "handelsjødar", og ein tendens der dei etablerte jødane freista å venda seg bort frå dette stigmaet vart synleg. Spesielt gjaldt dette for andre generasjon. Den same tendensen kan lesast av busetnadsmønsteret. Fleire søkte vekk frå området for det jødiske nettverket, som òg hadde fått det negative stempelet "jødegetto" på seg. Som eit svar på dette dilemmaet møtte innvandrargruppa samfunnet med ein strategi av forsiktig integrasjon. På den eine sida søkte dei integrasjon gjennom framgang. Gjennom å heva statusen til gruppa ynskte dei å retta merksemda bort frå det negative stigmaet. Dette vart gjort ved å vektlegga danningsidealet og søka mot dei borgarlege verdiane. Denne prosessen førte likevel ikkje til ei fornekting av den jødiske identiteten. Desse nye verdiane vart heller ein del av den nye identiteten som vellukka norske jødar. Samtidig som dei søkte integrasjon gjennom å framheva den positive posisjonen sin, freista dei på den andre sida å venda det antisemittiske auga bort frå dei forholda som vart tolka som negative av omverda. Gjennom det etniske nettverket hjelpte jødane kvarandre. Slik unngjekk ein at trusfellar låg storsamfunnet til last. Samtidig gjorde fellesskapet det mogeleg å utøva sosial kontroll overfor den eigne gruppa. Den jødiske identiteten vart endra, men han forsvann ikkje. Samtidig heldt det jødiske nettverket fram med å spela ei sentral rolle. Dette viser at den jødiske innvandrargruppa ikkje nærma seg storsamfunnet med ein assimilasjonsstartegi. Dei ynskte å delta i samfunnet, men det jødiske fellesskapet og den jødiske identiteten var òg viktige i individa sine liv. Den negative stigmatiseringa av den jødiske minoriteten gjorde likevel prosessen vanskeleg, og jødane måtte trø forsiktig i tilnærminga mot storsamfunnet.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleJødar i Kristiania : dei fyrste innvandrarane si geografiske og sosioøkonomiske plassering i samfunnet frå 1851 til 1942en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-08-06en_US
dc.creator.authorGjernes, Martaen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Gjernes, Marta&rft.title=Jødar i Kristiania&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-6773en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo6886en_US
dc.contributor.supervisorEinhart Lorenzen_US
dc.identifier.bibsys030284465en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata