Abstract
Oppgåva er i tre delar. Fyrste delen dreiar seg om ureining frå sagflis,og dei problema det skapte for vassforsyning i fyrste rekkje, men òg for livet i Akerselva (fisk). Det vert gjort greie for dei stategiane ein valde for å kome problemet til livs.Andre delen handlar om ureining frå kolerabakterien, dei medisinske og kjemiske teoriane som var grunnlaget for dei strategiane som vart valde for å kome sjukdomen til livs. Tredje delen dreiar seg om kloakkutbyggjinga i Christiania og dei problema det skapte med omsyn til stank frå kloakkslam i områda kring vassdrag og hamn. Strategiane som vat vald for å løyse dette problemet ligg utanfor tidsramma til oppgåva. Det kan seiast at oppgaåva tek føre seg dei problema som sterk byvekst skapte på 1800-talet: mange menneske på eit lite rom, og dårlege sanitære tilhøve. Kloakkutbyggjaninga saman med betre helsestell og vassforsyning, var svaret på desse problema, noko oppgåva syner.