Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:11:46Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-11-08en_US
dc.identifier.citationKrangnes, Lars Asgeir Rottem. Brot ovanfrå, kontinuitet nedanfrå?. Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23585
dc.description.abstractPå reisa si giennem en Deel af Norge i 1774 noterte historikaren Gerhard Schøning seg eit Sta. Margareta-altarskåp med denne Helgens og Martyrs Historie eller Lidelser [...] overmaade smuk[t] malet»på veggen i skipet i Hemne kyrkje i Sør-Trøndelag. Eit altarskåp høyrde før reformasjonen heime på høgaltaret. Det oppsiktsvekkjande i ei skildring frå 1774 er likevel ikkje plasseringa, men at den visuelle forteljinga om martyiet til ein katolsk helgen framleis var til stades i kyrkja på Kjørse, 237 år etter reformasjonen. Korleis endra kyrkjeromet seg i Fosen og Nordmøre mellom den offisielle innføringa av luthersk lære i 1537 og vedtaket i 1721 om å selja kyrkjene i Sør-Noreg til private? I kapitla 1 og 2 i mastergradsavhandlinga forsøkjer eg å gje dei nye og gamle bileta i det lutherske Noreg ein kontekst av kyrkjerom og initiativtakarar. Romet og menneska rundt eit bilete har igjen sine kontekstar av geografiske, økonomiske og sosiale forhold. Økonomiske konjunkturar og skiftande ideologiar, desse med ulike kronologiar, kan såleis bli forklarande faktorar. Mangel på endringar kan forklarast utifrå sviktande lokaløkonomi, men dersom denne har vore god og endringane likevel har vore sparsame, må ein spørja etter biletideologiske årsaker. Det er nettopp bileta som er kjernen i framstillinga, og i kapittel 2 ser eg derfor nærare på kva funksjonar og tydingspotensiale historiefaget og såleis eg tillegg biletet. Kapittel 3 konkretiserer dette i samlande framstillingar om biletet i kyrkja i katolsk tid og om dei nye biletnormene knytte til den dansk-norske reformasjonen. Eg har vald å gå litt nærare inn på også dei andre delane av den dansk-norske staten. København i Danmark var maktsentrum, kunnskapssentrum og religiøst sentrum for heile riket, og personlege nettverk som var forgreina over heile kongeriket hadde gjerne utspringet sitt her. Komparasjon med både hovudlandet og Island kan såleis kasta lys over norske forhold, sjølv om det i denne samanheng må bli kortfatta. Kapittel 4 tek føre seg konkrete døme på katolsk praksis knytt til bilete etter reformasjonen, ser på utbreiinga av ikonoklasme i Noreg og drøftar denne. I det femte kapitlet går eg inn i kvart enkelt kyrkjerom i Fosen og Nordmøre mellom reformasjonen og kyrkjesalet, og forsøkjer å skapa eit bilete av og etablera ein kronologi over endringar og mangel på endringar, med utgangspunkt i når kyrkjene fekk nye altartavler etter reformasjonen. Etter gjennomgangen av dei kyrkjene der ein kan dokumentera nye altartavler mellom 1537 og 1721, og dei er ein kan dokumentera at det framleis stod katolske altarskåp på altaret i 1721, følgjer ei oppsummering av kva granskinga viser for regionen sett under eitt. Summarisk jamfører eg med to andre og vesensulike regionar, Hallingdalen og Ryfylke. Det sjette og avsluttande kapittelet er ein samanfattande analyse der eg drøftar dei svara granskinga har gjeve. Med den føreliggjande gjennomgangen av kyrkjeroma i Fosen og Nordmøre i perioden mellom reformasjonen og kyrkjesalet meiner eg å ha kome nærare eit svar på korleis den katolske helgenen Sta. Margareta av Antiokia kunne pryda eit luthersk kyrkjerom i Hemne i 1774, og hadde gjort det gjennom heile perioden etter reformasjonen. Sta. Margareta-framstillinga var ikkje eit særsyn i fosenske og nordmørske kyrkjerom, korkje i 1774 eller på noko anna tidspunkt etter reformasjonen. Den summariske jamføringa med Hallingdal og Ryfylke tyder på at det i kyrkjene der knapt fanst parallellar til Sta. Margareta i Hemne då plakaten om kyrkjesalet kom i 1721. Granskinga har såleis tilbakevist kunsthistorikaren Ragne Bugge sin påstand om at ein lukkast med ein felles biletpolitikk i heile riket i tiåra før og etter 1600. Fagfellene Sigrid og Håkon Christie sin påstand om «store forandringer i tidens løp, først og fremst som følge av reformasjonen» må modererast for Fosen og Nordmøre sin del, der forandringane i større grad ser ut til å ha vore avhengige av økonomiske konjunkturar på 1600-talet. Dei nye bileta som kom til var skorne eller måla i ein annan stil enn dei førreformatoriske, men stod i dei fleste tilfella i den same tradisjonen av såkalla biletskjema. I motsetning til altarskåpa, men til liks med forgjengaren altarfrontala, var dei laga i Noreg, men etter førelegg som også vart brukte i katolske kyrkjer. Såleis vart den biletkulturelle fellesskapen med den vestlege kristenheimen fornya og vidareførd i Fosen og Nordmøre, ikkje straks etter reformasjonen, men etter dette materialet å døma frå kring 1640 og frametter. Kyrkjeroma i Fosen og Nordmøre hadde såleis ikkje gått frå å vera «katolske» i 1537 til å bli «lutherske» i 1721. Kristus var i langt større grad i sentrum gjennom dei nye motiva på altartavla, men mange kyrkjer hadde framleis bilete av Maria møy og andre helgenar i kyrkjeromet, så mange som ¼ framleis på altaret. Det tyder på at det normative kulturbrotet i 1537 ikkje fullt ut var gjennomført i praksis i 1721, såleis neppe heller endringar i kyrkjelydane sine religiøse meiningssystem. Reformasjonen var biletkulturelt eit tydeleg brot ovanfrå, men granskinga av kyrkjeroma i Fosen og Nordmøre viser like tydeleg kontinuitet og ei meir gradvis utvikling nedanfrå.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleBrot ovanfrå, kontinuitet nedanfrå? : bilete og kyrkjerom i Fosen og Nordmøre 1537-1721en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-05-04en_US
dc.creator.authorKrangnes, Lars Asgeir Rottemen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Krangnes, Lars Asgeir Rottem&rft.title=Brot ovanfrå, kontinuitet nedanfrå?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-14837en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo47693en_US
dc.contributor.supervisorHilde Sandviken_US
dc.identifier.bibsys070559368en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata