Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:09:40Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-05-08en_US
dc.identifier.citationFolkedal, Sigrid. Sensur og songtekstar. Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23543
dc.description.abstractDenne masteroppgåva i historie tek for seg sensur under militærdiktaturet i Brasil (1964-1965). Målet er å gjere ein analyse av statleg kultursensur ved å granske konkrete sensursaker frå den aktuelle perioden, for så å sjå desse i samband med generelle teoriar om sensur. Utgangspunktet er eit inntrykk av at kultursensur er ei verksemd som baserar praksisen på individuelle og subjektive normer, og oppgåva søkjer å vise at dette er tilfelle både for sensurverksemda i Brasil under militærregimet, men også for sensur som eit globalt fenomen. For å få ei god forståing av ei sensurverksemd er det naudsynt å sjå på i kva type samfunn ho blir utførd, kva slags styresmakter som har stifta henne, og kvifor praksisen blir sett på som påkravd. Oppgåva tek difor for seg den historisk-politiske bakgrunnen for militærkuppet, i tillegg til å forklare korleis den politiske situasjonen påverka kunstnarar generelt og musikarar spesielt. Vidare blir det fokusert på det brasilianske militæret og ideane som låg til grunn for maktovertakinga, samt det påfylgjande autoritære styret av nasjonen. I lys av desse ideane viser oppgåva kvifor det brasilianske militærstyret såg det som påkravd å sensurere kultur. Sensuren av songtekstane til musikkmiljøet o Clube da Esquina, med Milton Nascimento som frontfigur, tener som historisk døme for denne masteroppgåva. Sensursakene blir granska med tanke på å kunne gjere ei utførleg vurdering av den brasilianske sensurverksemda, og dei enkelte sakene blir sett i samband med det eksisterande sensurlovverket. Ein kan på bakgrunn av undersøkingane argumentere for at både songtekstane og lovverket gav rom for ulike tolkingar. Oppgåva syner også, med grunnlag i ein teoretisk analyse av sensur, at det er grunn til å tru at kultursensuren under militærdiktaturet i Brasil er representativ for kultursensur generelt.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSensur og songtekstar : ein analyse av kultursensur med fokus på militærdiktaturet i Brasil (1964-1985)en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-10-20en_US
dc.creator.authorFolkedal, Sigriden_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Folkedal, Sigrid&rft.title=Sensur og songtekstar&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-13418en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo40422en_US
dc.contributor.supervisorFinn Fuglestad (UiO), José Geraldo Vinci de Moraes (Universitetet i São Paulo)en_US
dc.identifier.bibsys061442496en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata