Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:12:50Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-05-02en_US
dc.identifier.citationÅgotnes, Målfrid Jordet. Handelsfortrinn eller frihandel? . Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23531
dc.description.abstractOppgåva tek for seg forholdet mellom African, Caribbean and Pacific Group of States (ACP) og Den europeiske unionen (EU) i tidsrommet 1996-2003, med vekt på introduksjonen av økonomiske partnarskapsavtaler (Economic Partnership Agreements, EPA). Dei to organisasjonane ACP og EU har i perioden 1975-2000 hatt eit formalisert handels- og bistandssamarbeid gjennom fire såkalla Lomé-konvensjonar. Desse gjekk i hovudsak ut på at EU gav ACP økonomisk bistand og at eksport frå ACP hadde handelsfortrinn på den europeiske marknaden. ACP-landa var ikkje forplikta til å gje europeiske eksportvarer tilsvarande fortrinn på sine marknader. I lys av dei politiske og økonomiske omveltingane som fann stad på starten av 1990-talet foreslo EU i 1996 å gjere djuptgripande endringar i det tradisjonsrike handelsforholdet. Etter to år med forhandlingar vart ACP og EU, gjennom Cotonou-avtala i 2000, samde om at dei einsidige handelsfordelane frå Lomé-konvensjonane på sikt skulla gjerast gjensidige. Eit viktig mål var at dei nye avtalene skulle vera i tråd med WTO sine reglar for frihandelsområde. Partane lova kvarandre at dei i tidsrommet 2002-2008 skulle forhandle fram økonomiske partnarskapsavtalar. Desse skal tre i kraft 1. januar 2008. Frå 2008-2020 vil ACP og EU såleis innføre frihandel seg imellom ved gjensidig å redusere tollmessige og ikkje-tollmessige handelshindringar. I september 2002 starta ACP og EU opp forhandlingar om korleis dei økonomiske partnarskapsavtalene konkret skal utformast. På dette tidspunktet hadde både ACP og eit stadig meir aktivt sivilsamfunn ei rekkje innvendingar mot dei økonomiske partnarskapsavtalene i si dåverande form og tidsperspektivet desse skulle innførast i. ACP kjende seg ikkje mogen for å innføre frihandel med EU og kravde mellom anna å betre si eiga konkurranseevne fyrst. ACP-landa ynskte også å vente på utfallet av Doha-runden i WTO før dei inngjekk økonomiske partnarskapsavtaler. Håpet var at Doha-runden ville gje ACP-landa auka rom for positiv særbehandling under dei økonomiske partnarskapsavtalene. Denne oppgåva tek fyrst for seg årsakene til at ACP og EU i 2000 vart samde om å forhandle fram økonomiske partnarskapsavtalar. Deretter diskuterer den kvifor det i 2002-2003 var så stor semje om utforminga av desse avtalene. Analysen drar vekslar på teoriar om asymmetriske internasjonale forhandlingar.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleHandelsfortrinn eller frihandel? : frå Lomé-konvensjonen til Economic Partnership Agreements : handelsforhandlingane mellom African, Caribbean and Pacific Group of States (ACP) og EU 1996-2003en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-10-19en_US
dc.creator.authorÅgotnes, Målfrid Jordeten_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ågotnes, Målfrid Jordet&rft.title=Handelsfortrinn eller frihandel? &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-13408en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo39917en_US
dc.contributor.supervisorJarle Simensenen_US
dc.identifier.bibsys061444987en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata