Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:13:56Z
dc.date.available2013-03-12T11:13:56Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2005-04-25en_US
dc.identifier.citationKallset, Kjell-Erik. Den lojale opposisjonen. Hovedoppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23472
dc.description.abstractFramstillinga tar for seg organisasjonen Sosialdemokratar mot EU (SME), som eksisterte frå oktober 1993 til november 1994, og EU-motstanden i arbeidarrørsla på 1990-talet. SME var ein medlemsorganisasjon som stod på nei-sida under debatten før den norske folkeavstemminga om medlemskap i Den europeiske union i november 1994. Grunnleggarane av SME hadde bakgrunn frå tillitsverv i DNA, AUF og LO, og i praksis var organisasjonen open for folk som var medlemmer av eller sympatiserte med DNA. Striden om norsk tilknyting til det europeiske samarbeidet (EEC, EF og EU) var ei hovudsak i den politiske debatten i Norge heilt frå tidleg på 1960-talet, og usemja gjekk tvers gjennom både folket og arbeidarrørsla. Både tidleg på 1960-talet og på 1970-talet vart det etablert organiserte opposisjonsgrupper innanfor DNA som motarbeidde fleirtalet og utfordra den organisatoriske einskapen i partiet. Frå midten av 1980-talet vart det reist ein ny debatt om norsk tilknyting til EU i DNA og arbeidarrørsla. Etter kvart vart det gjort fleire ulike forsøk på å organisere EU-motstandarane i arbeidarrørsla. Dette lyktes da SME vart danna i oktober 1993. Framstillinga tar for seg fleire problemstillingar knytta til SME og EU-motstanden i arbeidarrørsla. Det blir vist at nei-gruppa frå 1972, Arbeiderbevegelsens informasjonskomité mot norsk medlemskap i EF (AIK), hadde sterk innverknad på organiseringa til EU-motstandarane på 1990-talet. Framstillinga viser viser korfor nei-sida i arbeidarrørsla valte å skipe ein eigen organisasjon, framfor å slutte seg til i den tverrpolitiske organisasjonen Nei til EU. SME lyktes i å bli ein relativ brei og samlande organisasjon for nei-folk i DNA. Framstillinga drøftar kva som gjorde at SME lyktes med dette, i motsetning til tidlegare initiativ til å skipe nei-organisasjonar i arbeidarrørsla på 1990-talet. Ein vesentleg del av framstillinga tar for seg den organisatoriske og politiske verksemda til SME. Det blir lagt vekt på kva som særprega SME og aktiviteten til SME i høve til tidlegare opposisjonsgrupper, og særleg i høve til AIK. Ei anna viktig problemstilling er i kva grad SME tok del i den offentlege debatten om EU-medlemskap, og kor omfattande mediedekking SME klarte å få. Likeeins er det eit viktig spørsmål om SME fungerte som ein fraksjon i strid med lovene til DNA. Ei sentral problemstilling er om SME var ein saksavgrensa allianse utan perspektiv ut over EU-saka, eller om SME var ein meir allmenn opposisjon i DNA. Framstillinga viser at dei som grunnla SME av ulike grunnar la vekt på at organisasjonen berre skulle arbeide med EU-saka og at organisasjonen skulle leggast ned etter folkeavstemminga. Likevel hadde både dei sentrale tillitsvalde og medlemmene i SME bakgrunn frå venstresida i DNA, og dei hadde politiske perspektiv som gjekk lengre enn til folkeavstemminga om EU. Slik sett var SME og EU-motstanden uttrykk for ein meir allmenn, innanrikspolitisk opposisjon i DNA og arbeidarrørsla.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDen lojale opposisjonen : sosialdemokratar mot EU (SME) og EU-motstanden i arbeidarrørslaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorKallset, Kjell-Eriken_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Kallset, Kjell-Erik&rft.title=Den lojale opposisjonen&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10951en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo26482en_US
dc.contributor.supervisorJorunn Bjørgumen_US
dc.identifier.bibsys051490196en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata