Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:14:31Z
dc.date.available2013-03-12T11:14:31Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2005-04-25en_US
dc.identifier.citationLystfell, Linda Iren Havn. Smidd i Hymens lenke. Hovedoppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23468
dc.description.abstractDenne hovudoppgåva handlar om bryllaupsfeiring og ritar/ordningar i samband med det å inngå ekteskap i republikkens Roma. Oppgåva tek for seg korleis eit ekteskap kom i stand (arrangering, forloving osv.) og korleis sjølve bryllaupet føregjekk. Vi får også sjå kva slags tyding bryllaupsfeiring og det å inngå ekteskap hadde i det romarske samfunnet under republikken. Det andre kapitlet i oppgåva inneheld ein generell gjennomgang av romarske bryllaup og ekteskapsinngåinga si tyding. Her har eg nytta meg av kjente forskarar som Susan Treggiari, Jo-Ann Shelton, Otto Kiefer m.fl. Romarane hadde fleire ulike typar bryllaup/ekteskap, og dette kapitlet inneheld blant anna ei utgreiing av dei ulike typane, samt i tillegg også ulike alternativ til ekteskap. Eg har vald å ta utgangspunkt i desse fire innfallsportane: a) kultisk, religiøst, b) kjønn/alder/overgangsrite, c) stand/sosial status, d) økonomiske/juridiske konsekvensar. Når det gjeld primærkjelder har eg vald å basere meg på dei romarske komediane som finst bevart. Oppgåva inneheld eit eige kapittel om bakgrunnen til desse. Grunnen til at eg har vald å nytte meg av dei romarske komediane, er at dei ofte inneheld kjærleikshistorier som gjerne endar med forloving/ekteskap. Dessutan er dei skrive under republikken, som altså er den perioden eg har vald å ta utgangspunkt i, sjølv om eg iblant også tek med bryllaup og ekteskap heilt opp til og med keisartida. Eg har analysert i alt fire romarske komediar: Aulularia av Plautus, Andria av Terents og Curculio av Plautus. I tillegg har eg analysert ein komedie som var ukjent inntil for få år sidan, nemleg Faenerator av Caecilius. Fragment av denne komedien vart funne av Professor Knut Kleve ved UiO under arbeidet med å rulle ut Herculaneum-papyra i 1996. I analysane mine har eg brukt mange av dei omgrepa som blir gjennomgått i den generelle presentasjonen av ulike former for bryllaup/ekteskap og bryllaupsfeiring i republikken. Håpet er at eg med denne oppgåva skal ha klart å bringe forskinga på romarske bryllaup og ekteskapsinngåinga si tyding i republikken i alle fall eit lite steg vidare…nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSmidd i Hymens lenke : ein studie av komediar, bryllaup og ekteskapsinngåinga si tyding i den romarske republikkenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-01-18en_US
dc.creator.authorLystfell, Linda Iren Havnen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Lystfell, Linda Iren Havn&rft.title=Smidd i Hymens lenke&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10920en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo26380en_US
dc.contributor.supervisorJon Iddengen_US
dc.identifier.bibsys051505746en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23468/1/26380.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata