Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:11:58Z
dc.date.available2013-03-12T11:11:58Z
dc.date.issued2004en_US
dc.date.submitted2004-11-03en_US
dc.identifier.citationOlsen, Trude Grini. S(k)amskatten. Hovedoppgave, University of Oslo, 2004en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23453
dc.description.abstractSammendrag: Frå 1921 til 1959/69 vart ektefolk obligatorisk felleslikna som eit skattesubjekt. Samskatt var den populære nemninga på denne likningsmåten. Dette innebar at skatten vart utskrive på grunnlag av samla inntekt og formue. Den minste løna, i regelen kvinna si, vart lagt til "på toppen" av den høgste. Hustrua si inntekt vart difor skattlagt men mannen sin marginalskattesats. Dess betre løn ektefellen hadde, dess lågare vart hennar nettoinntekt. Med andre ord førte samskatten til at det ikkje lønte seg for gifte kvinner å ha arbeid utanfor heimen. Felles likning av ektefellar medverka såleis til å styrkja eit komplementært kjønnsrollemønster ved å favorisera ein mannleg forsytarmodell med utearbeidande mann og kvinna definert som husmor. Oppgåva handsamar debatten kring likningsmåten frå 1911 til 1969, med hovudvekt på tidsrommet 1945 til 1959. Ulike kvinneorganisasjonar vert analysert. Fokuset er retta mot Norsk Kvinnesaksforening (NKF), Norges Husmorforbund (NH) og Norges Yrkeskvinners Landsforbund (NYKL), men også Arbeidarpartiet sitt Kvinnesekretariat vert trekt inn. Debatten mellom dei politiske partia vert også diskutert. Opphevinga av samskatten var ein lang og konfliktfylt prosess. Før- og mellomkrigstida er rekna som ein fyrste fase, prega av eit mannleg storting som gjekk inn for felles likning og ei samla borgarleg kvinnerørsle som kravde særskilt likning. Perioden 1945-48 er rekna som andre fase. Denne er kjenneteikna av samarbeid mellom kvinneorganisasjonane og brei politisk semje om at samskatten skulle opphevast og særskilt likning innførast. Tredje fase omhandlar tida frå eit offentleg utval vart nedsett i juli 1948 til samskatten vart delvis oppheva i 1959. Det viste seg at det fanst ei mellomløysing, samskatt med hustrufrådrag, og både kvinnesamarbeidet og den politiske semja vart oppløyst. Den siste og fjerde fasen dekkjer perioden fram til obligatorisk felles likning vart fullstendig oppheva i 1969. Av dei undersøkte organisasjonane var det berre Kvinnesaksforeininga som framleis var oppteken av samskatten i denne fasen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleS(k)amskatten : kvinnelege strategiar i debatten om likning av ektefellar 1945-59en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorOlsen, Trude Grinien_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Olsen, Trude Grini&rft.title=S(k)amskatten&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2004&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10549en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo21984en_US
dc.contributor.supervisorGro Hagemannen_US
dc.identifier.bibsys050059440en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata