Sammendrag
Oppgåva ønsker å rette søkelys på oppfatninga av det emosjonelle mellomaldermennesket Denne har vore prega av fokuset på den aggressive åtferda. Forklaringane har lenge vore at mennesket var i driftene sin vald, og at det derfor var ute av kontroll. Emosjonaliteten var irrasjonell, og dei spela på eit snevert emosjonelt spekter. Oppgåva ønsker å undersøke korleis emosjonelle reaksjonar vert forma, og på mellomaldermennesket sine premissar. Emosjonar blir diskutert i forhold til normer, drifter og bevisst kontra ubevisst emosjonsutfalding.
Internaliserte normer viser veg til samfunnet. For å få problemstillingane ned på eit konkret nivå er studiet lagt til dei anglo-franske hoffa 1170-1225. Høgmellomalderen var ei brytningstid i Europa. Det var stor økonomisk og demografisk vekst. Den vestlege statsdanninga var inne i ein viktig fase, og kyrkja lanserte sitt reformprogram. Eit av spørsmåla som vert omtalt er om det var mulig å finne ein samanheng mellom dei emosjonelle uttrykka og samfunnsforholda.
Perioden og den verdslege eliten har produserte i denne perioden eigne tekstar. Frå eit mentalitetshistorisk synspunkt er det mulig å finne forfattarane, det vil seie menneska sine mentalitetar i kjeldene. Det er i denne oppgåva nytta ein verseroman, Erec og Enide, og ein biografi, Historia om Wilhelm Marskalken.