Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:14:33Z
dc.date.available2013-03-12T11:14:33Z
dc.date.issued2011en_US
dc.date.submitted2011-05-13en_US
dc.identifier.citationEikenes, Ingebjørg. FRITID I FELLESSKAP PÅ FURUSET. Masteroppgave, University of Oslo, 2011en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23348
dc.description.abstractSamandrag Ambisjonen med denne oppgåva har vore å undersøke det sivile samfunnet på Furuset gjennom ei analyse av den tredje sektor, det frivillige organisasjonslivet, over ein tidshorisont på førti år. Innanfor denne tidsramma var det på Furuset store demografiske endringar. Furuset gjekk sjuårsperioden 1973-1980 frå å vere ei bygd til å verte ein drabanby, og sjudobla innbyggartalet. Frå 1990-talet kom det fram ein tendens til at stadig fleire med innvandringsbakgrunn busette seg i drabantbyen, og frå 2000-talet var tendensen klår, etnisk norske var utflyttarar frå bydelen, medan menneske med innvandrarbakrunn innflyttarar. Dette har ført til at Furuset i 2010 var av dei mest multietniske bumiljøa ein hadde i Norge. I denne historiske ramma vert det forsøkt å spore korleis organisasjonslivet har stått seg gjennom urbaniserings- og heterogeniseringsprosessane i lokalmiljøet. Analysa baserer seg på to teoretiske reisverk, sosial kapital- konseptet og ei generasjonshypotese. For at analysa skulle vere gyldig vart den som nemnt sett i ei kontekstuell ramme av historisk bakgrunn og demografisk utvikling, men også i høve til økonomiske rammer og tilhøve til kryssande sektorar i miljøet; media, og den lokale forvaltninga. I tilleg syner analysa organisasjonslivet på Furuset i eit komparativ lys til nyare forsking om generell utvikling i organisasjonslivet på landsbasis. To hovudoppgåver inngjekk i analysen, ei kvantitativ side- å kartlegge organisasjonssamfunnet, her vart lokalavisa ei hovudkjelde, -og ei kvalitativ side, der intervju med organisasjonsleiarar gav nyttig innsikt. Oppgåva sine hovudfunn er at organisasjonslivet på Furuset vaks, om enn i noko utakt med befolkningsveksten. Organisasjonslivet ekspanderte gjennom heile perioden, og særskilt på 2000- talet. Dette syner at organisasjonslivet ikkje vart mindre vitalt med den auka andelen innflyttarar med innvandrararbakgunn i lokalmiljøet, men at organisasjonslivet i likskap med lokalmiljøet vart heterogenisert. Organisasjonsstrukturen på Furuset har i merkbar grad endra seg frå vere tradisjonelle foreiningar med hierarkisk strukturell oppbygnad, der ein har hatt sentral- og/eller-regionalledd over den lokale organisasjonen, til å i større grad vere lausrivne og enkeltståande lokale organisasjonar. Dette gjer at ein kan snakke om ein synleg generasjonseffekt i organisasjonslivet. Organisasjonane såg ut til å spele ei sentral rolle som bindeledd mellom individ og nærmiljø, og synte seg handlekraftige i møte med utfordringar i lokalmiljøet. Etnsik baserte og religiøse organisasjonar vart funne innadretta i eit medlemsperspektiv, men utadretta i eit samfunnsperspektiv. Dei mest opne organisasjonane var moderne uforpliktande lågterskel-tilbod.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleFRITID I FELLESSKAP PÅ FURUSET : Ei analyse av organisasjonslivet på Furuseten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-01-16en_US
dc.creator.authorEikenes, Ingebjørgen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Eikenes, Ingebjørg&rft.title=FRITID I FELLESSKAP PÅ FURUSET&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2011&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-27900en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo121655en_US
dc.contributor.supervisorKnut Kjeldstadlien_US
dc.identifier.bibsys120094851en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23348/1/Masterxheiltxferdig.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata