Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:12:10Z
dc.date.available2013-03-12T11:12:10Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-05-13en_US
dc.identifier.citationViken, Øystein Idsø. Makt mellom linene. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23262
dc.description.abstractI 1799 vart det framsett ei forordning om prentefridomen i Danmark-Noreg som gjorde vilkåra for dei som ønskja å ytra seg offentleg svært mykje vanskelegare. Etter femten år med ein relativt liberal prentepolitikk, vart dei femten neste prega av eit avskrekkingsregime overfor skribentane. Eg ser her på forholdet mellom styresmaktene og den norske allmenta mellom 1807 og 1814, perioden Danmark-Noreg tok del i Napoleonskrigane. Den direkte maktutøvinga gjennom lov og straff var supplert med meir subtile teknikkar for styringsforvaltning. Med utgangspunkt i Michel Foucaults gouvernementalité-teori freistar eg i denne oppgåva å peika på andre aspekt ved regimet si regjering av undersåttane, aspekt som var like viktige for den daglegdagse kontrolleringa av samfunnet. Dette blir først og fremst gjort ved å sjå på korleis desse maktteknologiske framgangsmåtane utfalda seg gjennom styresmaktene sin bruk av offentlege medium, særleg pressa, men òg preikestolen. Det blir fokusert på propaganda, disiplin og populisme som meir indirekte måtar det vart regjert på, i tillegg til dei meir direkte, gjennom lov, straff, sensur og overvaking. Det blir argumentert for at desse aspekta fyller ut kvarandre: Der den direkte maktbruken overfor ytringar er repressiv og kneblande, er den indirekte maktutøvinga oppbyggjande og manipulerande. Formålet er å framvisa ein større i heilskap i det systemet skribentane måtte forhalda seg til. Meldinga frå styresmaktene var klår: Dei norske undersåttane var svært lojale overfor kongen, noko som skuldast at majesteten var god og rettferdig. Vidare vart dette gjentatt av undersåttane sjølve, når dei ytra seg offentleg. Eg hevdar likevel her at påstanden om dei kongetrugne nordmennene ikkje var fullt ut oppriktig for nokre av partane, men at det var det retoriske elementet ved han som heldt han ved lag. Ved sidan av at full lojalitet og underdanigheit var påbode gjennom lov, vart eksistensen av han hevda gjennom stadige utsegner frå myndigheitspersonar. Kongslojalitet var såleis ei sanningsramme, ein diskurs skribentane måtte ta omsyn til. I forlenginga av dette blir det argumentert for at fleire av forfattarane nytta seg av denne diskursen til sin eigen fordel, og makta å utøva opposisjonelt press gjennom ein kommunikativ framgangsmåte som blir kalla ”underdanig opposisjon”. Det blir dessutan vist til at fleire skribentar nytta seg av ulike omskrivingsmetodar for å ytra maktkritiske og opposisjonelle bodskap ”mellom linene”, gjennom ironi, allegori og symbolbruk. Ved ein gjennomgang av alle norske avis- og bladutgjevnadar i perioden og dei viktigaste bok- og småskriftpublikasjonane i samtida blir det trekt fram fleire døme på indirekte opposisjonelle ytringar. Dette var ytringar som kunne vera lettfortolkelege nok til at representantar for regimet reagerte og ønskja forfattaren straffa, men samstundes så indirekte at domstolane ikkje evna å straffa skribenten, trass i at lovverket forbydde slike teknikkar for maktkritikk. Argumentasjonen i oppgåva blir ytterlegare underbygd gjennom ein saksstudie av den viktigaste norske publikasjonen i samtida: Mnemosyne, av Nicolai Wergeland.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleMakt mellom linene : makt og allmente i Noreg 1807 - 1814en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-10-14en_US
dc.creator.authorViken, Øystein Idsøen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Viken, Øystein Idsø&rft.title=Makt mellom linene&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-25005en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo102600en_US
dc.contributor.supervisorØystein Rianen_US
dc.identifier.bibsys102260966en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23262/1/HIS4090x-xxysteinxIdsxxViken.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata