Skjul metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:14:15Z
dc.date.available2013-03-12T11:14:15Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-05-10en_US
dc.identifier.citationLauten, Maren Dahle. Borgeraand udvikler sig kun almindelig der, hvor hver Enkelt har Leilighed til politisk Virksomhed. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23247
dc.description.abstractFormannskapslova trådde i kraft den 14. januar 1837. I ettertida har ho vorte ståande som ”grunnlova” til det norske lokaldemokratiet. Ho trekte opp rammene for dei sentrale institusjonane i lokaldemokratiet: Formannskapet, ordføraren og representantskapet. Desse skulle vere folkevalde. I tillegg grunnla lova amts/fylkestinget som eit nytt folkevald styringsnivå mellom staten og kommunane, og ho la grunnen for det kommunale sjølvstyret. Prosessen med å utforme formannskapslova starta allereie i 1820. Fram til 1830 var det den store lovkomiteen, oppretta under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, som sto for arbeidet med ho. Framlegga frå komiteen vart sendt til Stortinget fleire gonger, men i liten grad handsama. I 1830 tok regjeringa over arbeidet med lova, og på Stortinget i 1833 vart formannskapslova vedteken, men fekk ikkje kongeleg sanksjon. Ein særskilt oppnemnd kongeleg kommisjon, kommunekommisjonen, fekk oppgåva med å revidere lova på nytt. Kommisjonen sende inn eit framlegg til Stortinget i 1836 som vart vedteke og fekk kongeleg sanksjon i januar året etter. Denne lova har vorte ståande for ettertida som ei av dei mest sentrale i historia om framveksten av den moderne norske staten og det moderne demokratiet etter 1814. Det finst berre éi fullstendig studie frå før av forhistoria til formannskapslova, basert på samtlege kjelder etter lovarbeidet. Denne var det den norske historikaren Arne Bergsgård som sto for. Både hans og andre historikarar si fortolking av debatten om formannskapslova har hovudsakleg halde seg innafor ei overordna rammeforteljing om korleis folket, representert ved bøndene, tok over makta i Noreg frå embetsmennene etter 1814, og dermed realiserte det folkestyret som grunnlova hadde lagt grunnmuren for. Dei har fokusert på interessekonfliktane mellom bønder og embetsmenn slik desse kom til uttrykk i kjeldene etter lovhandsaminga, særleg i spørsmålet om det kommunale sjølvstyret. Denne oppgåva supplerer denne forteljinga med eit nytt perspektiv, nemlig korleis debatten om formannskapslova bidrog til utforminga av eit moderne demokratiomgrep i Noreg, og dermed til vår notidige forståing av demokratiet. Oppgåva legg særleg vekt på korleis debatten om utforminga av to av institusjonane i lova, stemmeretten og allmugesamlinga/representantskapet, bidrog til at ei bestemt forståing av demokratiomgrepet vann fram over andre moglege utformingar. Frå starten av tok ein utgangspunkt i ein særs vid lokal stemmerett, langt vidare enn den som fanst i grunnlova av 1814. Ein la også til grunn at ved sidan av det valte, representative formannskapet skulle det vere ei forsamling av samtlege innbyggjarar i kommunen, ei allmugesamling, som kunne ta avgjerder i spesielt viktige saker. Etter kvart vart stemmeretten stadig klarare definert og avgrensa, slik at den kommunale stemmeretten til slutt ikkje skilte seg frå den nasjonale. Allmugesamlinga hadde fleire ulike roller og forskjellig kompetanse på ulike stadium i lovarbeidet, men vart til slutt tatt heilt ut av lova og erstatta med eit folkevald representantskap. Det er tatt utgangspunkt i Reinhart Koselleck sin definisjon av kva eit omgrep er. Omgrepet inneheld ei større og vidare tyding enn sjølve ordet og det dette konkret refererer til. Det moderne demokratiomgrepet inneheld ikkje berre den etymologiske tydinga av ordet demokrati, som er folkemakt eller folkestyre, men ei bestemt forståing av kva slags institusjonar som høyrer til i eit demokratisk styresett. Det finst hovudsakleg to demokratimodellar, ein direkte og ein indirekte, og det er den siste som inngår i det moderne demokratiomgrepet. Oppgåva viser korleis dette moderne demokratiomgrepet utvikla seg gjennom debatten om formannskapslova i perioden 1820-1837.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleBorgeraand udvikler sig kun almindelig der, hvor hver Enkelt har Leilighed til politisk Virksomhed : framveksten av eit moderne demokratiomgrep under debatten om formannskapslova av 1837en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-10-14en_US
dc.creator.authorLauten, Maren Dahleen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Lauten, Maren Dahle&rft.title=Borgeraand udvikler sig kun almindelig der, hvor hver Enkelt har Leilighed til politisk Virksomhed&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-24990en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo102487en_US
dc.contributor.supervisorHilde Sandviken_US
dc.identifier.bibsys10225768xen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23247/1/FERDIGSTILT_TILTRYKKING.pdf


Tilhørende fil(er)

Finnes i følgende samling

Skjul metadata