Abstract
Det arkeologiske materialet i denne oppgåva er spiralfigurane på Haugenfeltet i Sandefjord. Figurane er unike i helleristningssamanheng ved at dei er menneskefigurar med ein spiralforma kropp. Men spiralen er ikkje ukjend i bronsealderen, den er tvert imot eit av dei mest populære grafiske teikna. Tidlegare tolkingar av spiralfigurane går i to retningar. Den eine ser på spiralen som eit solsymbol, og figurane som solgudar eller deltakarar i ein solkult. Den andre retninga ser på spiralen som skjold, og det er dermed krigarar vi ser. Sjølv om spiralfigurane ser ut til å vera eineståande, ser vi også at dei kan tolkast i ljos av andre funn frå bronsealderen. Den overordna problemstillinga i denne oppgåva er å tolke spiralfigurane på Haugen. Ved å sjå på bruken av spiralsymbolet i bronsealderen, og bruke teoriar om bruk av symbol som uttrykk for den kognitive sfæra i perioden, det vil seie kosmologien, religionen og ideologien, vil eg forsøkje å avdekkje kva innhald spiralsymbolet hadde i perioden, og kva implikasjonar dette får for vår tolking av figurane på Haugen.