Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:06:56Z
dc.date.available2013-03-12T11:06:56Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2005-05-18en_US
dc.identifier.citationEikrem, Kathrine. Bronsealder som sosial konstruksjon. . Masteroppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23108
dc.description.abstractI denne oppgåva vert, med utgangspunkt i eit sosialkonstruktivistisk perspektiv, rammene for produksjonen av kunnskap om norsk bronsealder utdjupa gjennom problemstillinga Kva karakteriserer produksjonen av kunnskap om norsk bronsealder? På bakgrunn av dette har eg diskutert norsk bronsealderforsking i form av 19 utvalde tekstar på to nivå: For det første kor vidt produksjonen av kunnskap om norsk bronsealder har endra seg sidan byrjinga av 1900-talet. For det andre vurdert tilhøvet mellom produksjonen av kunnskap om norsk bronsealder og konstitueringa av det nasjonale i samtida. Fokuset på det nasjonale meiner eg er aktuelt fordi etableringa av den norske bronsealderforskinga som vitskapleg disiplin går saman med konstitueringa av Noreg som ein sjølvstendig nasjon. Kor vidt Noreg hadde hatt ein bronsealder, og kva som karakteriserer denne, vart dermed eit spørsmål om både nasjonal og akademisk prestisje. Ei kvantitativ og kvalitativ vurdering av dei utvalde tekstane indikerer at kunnskapen om norsk bronsealder før 1990 først og fremst er strukturert kring eit materialistisk eller idealistisk perspektiv på mennesket og kulturell utvikling i fortida. Sjølv om desse tilnærmingane medfører ulike framstillingar av bronsealderen, tek dei begge, etter mitt syn, utgangspunkt i eit syn på kultur som noko totalt og naturleg. Fokuset rettast særleg mot ytre aspekt ved bronsealderkulturen. Kring 1990 vert konstruksjonen av bronsealderkulturen som noko situasjonelt og foranderleg dominerande. I staden for å setje det materielle opp mot det ideologiske ser ein i større grad på tilhøvet mellom natur og kultur som dialektisk. Dette perspektivet åpnar opp for nye tilnærmingar til mellom anna landskap, kjønn, religion, makt og migrasjon. Endringane i produksjonen av kunnskap om norsk bronsealder går saman med endringar i synet på det norske i samtida. Ein meir nasjonalt orientert måte å snakke om kulturtilhøva i norsk bronsealder på dominerer forskinga før 1990, medan ein etter 1990 har eit meir internasjonalt fokus. Det er imidlertid klart at framstillingar av bronsealderen i eit meir lokalt perspektiv framleis dominerer i meir populærvitskapleg retta oversynsverk over norsk forhistorie/bronsealderen. Dominerande trender i fagleg orienterte artiklar/avhandlingar er altså ikkje alltid avgjerande for korleis vi formidlar bronsealderen til folk flest. Nye resultat er ofte inkludert, men formidlast innan tradisjonelle rammer. Gjennom refleksjon over produksjonen av kunnskap om norsk bronsealder og vurdering av denne i relasjon til konstitueringa av det norske, er det klart at også bronsealderarkeologien har ein identitetsskapande dimensjon i dag. Arkeologien si politiske rolle er med andre ord alltid tilstadeverande.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleBronsealder som sosial konstruksjon. : Faghistorisk analyse av norsk bronsealderforsking på 1900-talet.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorEikrem, Kathrineen_US
dc.subject.nsiVDP::090en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Eikrem, Kathrine&rft.title=Bronsealder som sosial konstruksjon. &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10890en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo27382en_US
dc.contributor.supervisorChristopher Prescotten_US
dc.identifier.bibsys05145498xen_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata