Abstract
Den norske kontrollen med forvaltninga i dei ålmenne domstolane skil seg frå dei kontinentaleuropeiske landa sine system for domstolskontroll, der eigne forvaltningsdomstolar har eksklusiv rett til å prøve vedtak frå forvaltninga. I Noreg vart overgang til eit slikt system vurdert av Forvaltningskomiteen på 50-talet. Sidan då har skepsisen til slike domstolar vore stor – utan at spørsmålet er vorte debattert i stor grad.
Ogso i England skjer prøvinga av forvaltningsvedtak innanfor det ålmenne domstolssystemet, men det finst markante og viktige skilnader til det norske systemet. Med nokre unntak vert forvaltningssakene slusa inn i «Administrative Court» som har spesialiserte domarar for denne sakstypen. Avhandlinga skildrar det engelske rettsstellet og prosessen for prøvinga.
Vidare stiller avhandlinga spørsmålet om særskilte forvaltningsdomstolar med meir særeigen prosedyre burde innførast i Noreg. Spørsmålet vert stilt på bakgrunn av debatten og haldingane i Noreg, men det engelske systemet for domstolskontroll vil verte nytta som innfallsvinkel til løysingar som ikkje før har vore framhaldne.