Abstract
Føremålet med denne oppgåva var å kartleggja ulike aspekt ved norske toppleiargruppe ut frå samansetjing, oppleving av leiarmøte, i kva grad toppleiargruppene nyttar teamutvikling og kva opplevd effekt det har. I tillegg ynskte eg å undersøka om det er skilnad mellom toppleiargrupper i offentleg og privat sektor, og mellom kvinner og menn, langs utvalde variablar. Resultata i oppgåva er basert på svar frå 75 norske toppleiarar, og 460 medlemmar av toppleiargruppene. Hovudfunna i studien når det gjeld samansetjing syner at det i snitt er 8,3 personar i norske toppleiargruppe, som er noko større enn forsking tilrår for optimal effektivitet. Det vart også funne at delen kvinnelege leiarar i offentleg sektor var 40,6%, og såleis høgare enn i privat sektor der del kvinnelege leiarar var 23,5%. Det var likevel ingen skilnad mellom privat og offentleg sektor med omsyn til del kvinnelege leiarar av toppleiargruppene. Når det gjeld leiarmøte syner studien at norske toppleiargruppe nyttar mellom 10 og 12 timar i leiarmøte i månaden, og at dei opplever rundt 40% av tida i leiarmøte som uproduktiv. Det opplevde produktivitetstapet er noko høgare i toppleiargruppene i offentleg enn i privat sektor. Over 50% av toppleiargruppene deltok i program for teamutvikling i 2008. Teamutvikling vart gjennomgåande opplevd å ha ein positiv effekt på toppleiargruppa. For kjønnsskilnader vart det funne at kvinner i mindre grad enn menn er tilfredse med sakseffektivitet og relasjonskvalitet i leiarmøte, og at dei opplever det mindre givande å delta i leiarmøte. Til sist syner studien at det er lite skilnad mellom kva kvinner og menn opplever som dei viktigaste kjeldene til produktivitetstap i leiarmøte.