Abstract
Denne undersøkinga er ei kvalitativ evaluering av Ungdom mot Vold som soningstiltak for ungdom dømt til samfunnsstraff. Formålet med undersøkinga er å evaluere tiltaket Ungdom mot Vold gjennom ungdommane sine eigne erfaringar og vurdere om tiltaket har virkningar som strekker seg lenger enn sjølve soningsperioden. Ungdommane som deltek i undersøkinga avslutta sin soningsperiode for fleire år sidan. Opplever ungdommane at det skjedde ei positiv endring av dei sjølve og livet deira i løpet av soningsperioden, og har eventuelt desse endringane vedvart? Kva opplever ungdommane som avgjerande for at endringane har skjedd? Kva kjenneteiknar Ungdom mot Vold sitt arbeid ifølge ungdommane sjølve? Den teoretiske innfallsvinkelen i undersøkinga er mulege sjølv (Markus & Nurius, 1986) og psykologisk empowerment (Zimmerman, 1995). Resultata viser at det skjer ei positiv utvikling av ungdommane og liva deira i løpet av soningsperioden og at denne endringa har vedvart. Ungdommane understrekar spesielt at relasjonen med dei tilsette i Ungdom mot Vold var avgjerande for at ein endringsprosess skulle finne stad.
Keywords: Mulege sjølv, psykologisk empowerment, positiv utvikling, empowermentevaluering, ungdom, kriminalitet.