Abstract
I denne oppgåva ser eg på verknaden av inntekt og utdanning i tillegg til yrkesstatus sin effekt på døyingssannsynet. Interessa for sampelet mellom sosial bakgrunn og helse kan daterast attende til 1700 talet i Skandinavia, og allereie på midten av 1800 talet gjennomførde Registrar General kvantitative studiar av døyingstala og yrkja til dei daude i Storbritania. I Skandinavisk samanheng vart det gjennomført kvantitative studiar på bakgrunn av døyingsregister og registrert yrkesstatus frå 1970 talet. Etterkvart har det vore ein tilvekst i internasjonal litteratur av meir komplekse studiar der ein i same studiet og tek omsyn til variablar som kan tenkjast å samvariere med yrkesstatus.
Med data sett saman av individdata frå Det Sentrale Folkeregister, inntektsdata frå Skattedirektoratet gjennom Statistisk Sentralbyrå, utdanningsdata frå SSB og informasjon om yrkje frå Folke- og boligtellingene har eg estimert ein logistisk regresjonsmodell for alle nordmenn registrert i Noreg i alderen 40 til 69 år i tidsrommet 1990 til og ut 2002. Dette har eg gjort for begge kjønn i SAS med mortalitet som den avhengige variabelen. Likt med resultata frå andre studiar, gjev og mine modellar signifikante positive effektar av sokalla manuelle yrkjer på døyingssannsynet. Ulikskapen mellom kjønna gjer seg hovudsakeleg gjeldane i form av at det er mindre spenn i ulikskapen mellom kvinner enn det er for menn. Yrkesgruppeeffektane vert reduserte når variabelen for utdanning vert inkludert i modellen. Når så inntektsvariabelen vert inkludert i modellen er endringa i yrkeseffektane ikkje lenger eintydig. Noko tap av signifikans oppstår, og sjølv om effektane ikkje endrar seg i same retning er dei fleste endringane små i storleik, og bilete av situasjonen vert mykje den same.
Yrkja ser slik ut til å forklare noko av ulikskapen i døyingssannsyn, og noko av forklaringstyrken ser ut til å komme frå det utdanning- og inntektsnivået som yrkje representerar. I siste modell er det igjen yrkeseffektar som ikkje skyldast ulikskap i utdanning- og inntektsnivå, og det kan tenkjast at t.d. foreldres helse, utdanning og økonomiske situasjon, samt eiga helsesituasjon i barne og oppvekståra kunne gjeve eit ytterlegare bidrag som forklaringsfaktorar jf. ulikskap i helse og døyingssannsyn.