Abstract
Bente Karin Husabø
Frå aktivitetsstyrt til resultatstyrt finansieringssystem i universitets- og høgskulesektoren.
Kan det nye finansieringssystemet få støtte med bakgrunn i økonomisk teori?
Samandrag
Utviklinga av finansieringssystemet i universitets- og høgskulesektoren frå midten av 1980-talet og fram til forslag til statsbudsjett for 2006, har gått frå å vera aktivitetsstyrt til å bli meir resultatstyrt. På midten av 1980-talet avgjorde Stortinget tal stillingar innanfor kvar høgskule og universitet i samband med statsbudsjettet. Det vanlege var at tal stillingar auka med auka tal studentar. Hovudprinsippet bak denne finansieringsforma var at institusjonane får løyvingar etter den aktivitet dei legg opp til og då med hovudfokus på endring i studenttalet frå eit år til det neste. Då aukinga av studenttalet stagnerte og viste ein viss nedgang i siste halvdel av 1990-talet, bad Kyrkje- utdannings og forskingskomiteen Regjeringa vurdere alternative modellar for å fastsetja dei økonomiske rammene som i større grad vektlegg forskinga. I samband med statsbudsjett for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskular som var resultatbasert. Forskingskomponenten vart endra i forslag til statsbudsjett for 2006. Finansieringssystemet for 2006 består av ein basiskomponent, ein undervisningskomponent og ein forskingskomponent.
Målsettingane med det nye finansieringssystemet var mellom anna å legge til rette for meir effektive læringsløp og tettare oppfylging av studentane, bli blant dei leiande nasjonane når det gjeld målbare resultat av forsking, stimulera til at institusjonane skal kunne omstilla seg raskare, premiera kvalitet i forsking, gjera forsking uavhengig av tal studentar, kunne ivareta eit breidt spekter av fagtilbod og få eit meir rettferdig og forutseieleg system enn det gamle.
Til å fylgje utviklinga av finansieringssystemet, finne grunngjevingar, målsettingar og beskrivingar av sjølve systemet har eg nytta stortingsproposisjonar, offentlege utgreiingar, stortingsmeldingar, innstillingar samt samtalar med sentrale personar. Resultat presentert i DBH vert óg nytta. I tillegg har eg gjennomført ein uhøgtidleg enquete for å undersøkje om fagleg tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har endra sin innsats som fylgje av nytt finansieringssystem.
Til å drøfta problemstillinga: ”Kan det nye finansieringssystemet for universitets- og høgskulesektoren gis støtte med bakgrunn i økonomisk teori?”, har eg nytta ein principal- agent-teori som tek utgangspunkt i Holmstrom og Milgrom (1991) sin artikkel. Teorien tek utgangspunkt i to aktørar; Høgskulen i Sogn og Fjordane som er agenten eller arbeidstakaren om ein vil og Utdannings og forskingsdepartementet som er prinsipalen eller arbeidsgjevaren. Det viktigaste resultatet av teorien er at prisen på resultatkomponentane i finansieringsmodellen skal settast lik 0 når variansen i forsking går mot uendeleg og forsking og undervisning er substitutt.
Eg nyttar finansieringssystemet for universitets- og høgskulesektoren slik det gjer seg gjeldande for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) i samband med forslag til Statsbudsjett for 2006 og i ”Orientering om forslag til statsbudsjettet for universiteter og høyskoler (vedlegg til St.prp. nr. 1 (2005-2006)) til å drøfte om finansieringssystemet kan gis støtte med bakgrunn i økonomisk teori.
Konklusjonen av drøftingane er at finansieringssystemet slik det er utforma i forslag til statsbudsjett for 2006 ikkje kan understøttast av det modellapparatet som er nytta i denne oppgåva. Grunngjevinga for dette er at
– Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) sin observasjon av HSF sine publikasjonspoeng gir liten eller ingen informasjon om HSF sin innsats i forsking, og det kan være nesten meiningslaust å gi ei overføring på grunnlag av eit resultat som har lite eller ingenting med innsats å gjera.
– Positiv pris på studiepoeng når forsking og undervisning er tilnærma perfekte substitutt vil føra til at all innsats vert sett inn i undervisning og målet om auka forsking ikkje vert ivareteke av finansieringssystemet.
Det vil også vera usikkert om et nye finansieringssytemet verkar etter føresetnadene eller om verknadene av det nye finansieringssystemet blir at innsatsen i undervisning aukar på bekostning av forsking på grunn av lågare varians i undervisning og relativt høgare pris på undervisning (sjå eksempel i 5.1), Berre erfaringar med det nye systemet og forsking kan fastslå dette.