Hide metadata

dc.date.accessioned2014-04-03T11:05:59Z
dc.date.available2014-04-03T11:05:59Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-10-12en_US
dc.identifier.citationSigurdson, Monica Meland. Innovasjon i Noreg. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/16934
dc.description.abstractDet finnast i dag mange ulike støtteordningar for norsk næringsliv. Med støtte meinast ikkje aleine direkte økonomisk finansiering eller lån, men også rådgjevnad, opplæring, kurs med meir. Denne oppgåva fokuserar Innovasjon Noreg og aktiviteten som er knytt opp mot innovative verksemder i Noreg. Eg vil gjennom denne oppgåva greie ut om kven Innovasjon Noreg har som prioriterte grupper, kva grupper som mottek flest midlar frå Innovasjon Noreg, og deretter sjå på dei faktiske resultata, altså innovasjonsaktiviteten til dei prioriterte gruppene innafor Innovasjon Noreg. Det ein ynskjer å oppnå med innovasjon er økonomisk vekst, vil derfor sjå om der er samanheng mellom Innovasjon Noregs tildeling av midlar, innovasjonsaktivitet og økonomisk vekst. Her vil hovudvekta ligga på dei geografiske prioriteringane, då eg i oppgåva vil måla økonomisk vekst per fylke og ikkje mellom kjønn og alder. Innleiingskapittelet tek for problemstilling som er å forsøka å finna ut kva effekt ein får av å ha prioriterte grupper i Innovasjon Noreg. Ein utfordring som har prega oppgåva var å få tilstrekkeleg informasjon for å kunna skriva ei utfyllande oppgåve. Talmateriale som er tilgjengeleg frå års rapportar og enkelte evalueringar er ikkje tilstrekkelege for ein grundig analyse.. Det finnast ulike oppfatningar av kva termen innovasjon inneber. Innovasjon kan tyda noko som er nytt, dvs noko som ingen har oppfunnet tidlegare, andre oppfatningar av termen er noko som er forbetra/fornya. I kapittel 2 går ein gjennom ulike definisjonar på innovasjon, og utfordringa med å måla innovasjon. Å måla gjerast med utgangspunkt i teoriar og definisjonar av innovasjon, her står ein overfor utfordringar ved val av indikatorar og definisjon. Innovasjon er ei kraftig kjelde til økonomisk vekst, og korleis innovasjon og økonomisk vekst heng saman vert diskutert i dette kapittelet. Det har for økonomar vore ei utfordring å finna drivkraft bak økonomisk vekst, og ulike teoriar har vorte danna.. Det optimistiske utfallet til tradisjonell vekst teori (nyklassisk vekst teori) passar ikkje heilt saman med røynda og er vorte kritisert for dette. Gjennom 1980 og 1990 åra vart økonomar stadig meir interessert i den rolla som kunnskap(teknologi) har for økonomisk vekst og utvikling. Økonomisk vekst er geografisk ujamt fordelt, og hovudvariabelen for å forklara ujamn vekst er imperfekt informasjon og stordriftsfordelar. I dagens økonomiske teoriar er det vanskeleg å finna konkrete svar på kvifor økonomisk vekst er geografisk ujamt fordelt. Utviklinga til det norske innovasjonssystemet er noko spesielt då Noreg lenge var oppteken av å tilpassa teknologi til norske forhold framfor å utvikla sjølv. Institusjonar og politikk har hatt og framleis har ein fundamental påverknad på utviklinga til Noregs innovasjonssystem. I kapittel 3 greiar eg ut dette og om støtteapparatet i Noreg, om mål og ambisjonar, samt verkemidla i støtteapparatet. Regjeringas mål og ambisjonar er at det norske samfunn skal vera eit berekraftig samfunn, og målet er å styrka innovasjonsevna slik at den bidrar til mest mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi. Det offentlig finansierte innovasjonsapparatet i Noreg ugjerast av ulike sektorar og forvaltningsnivå. Dei 3 største institusjonane i Noreg er SIVA, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg hadde i 2007 eit samla budsjett på 4,7 milliardar kroner, som dei får tildelt frå 5 ulike departement. Kapittel 4 handlar om Innovasjon Noreg, deira burdsjett, og kor mykje som prioriterast til innovasjonsprosjekt. Innovasjon Noreg har 42 oppdragsgjevarar som årleg leverer oppdragsbrev, og dei fem departementa har alle ulike innovasjonspolitiske mål. Og Innovasjon Noreg handlar på vegne av desse instruksane. Det kan sjå ut som om det viktigaste formålet til Innovasjon Noreg er å bidra til kapasitet og strukturutvikling, 35prosent av alle midlane i 2007 gjekk til dette formålet. Kapittel5 vil dreie seg om Innovasjon Noreg sine prioriterte målgrupper, vil her forsøka å samanlikna tildelingar til gruppene frå Innovasjon Noreg, og sjå korleis innovasjonsaktiviteten er. Kvinner, unge, små og mellomstore bedrifter og regionar er dei prioriterte målgruppene. Ein del av utfordringa når det gjeld prioritetsgruppa kvinner er korleis ein skal definera kvinneretta prosjekt, då det visar seg at ulike saksbehandlarar kan ta ulike avgjerder, noko som kan føra til at same tilfeller kan få ulik behandling og dermed ulike resultat. I perioden 2005 til 2007 var mellom 26 til 30 prosent av prosjekta som fekk tildelingar kvinneretta. Og av dei samla løyvingane i 2007 gjekk 21 prosent til kvinneretta prosjekt og 13 prosent til unge. Måltalet er at minst 40 prosent av etableringsstipend skal gå til kvinner. Ein har per i dag ikkje slike måltal for unge. I 2007 gjekk 25 prosent av totalt innvigsla beløp til små og mellomstore bedrifter med vekst ambisjonar og potensial (om lag 1 milliard kr). Den største andelen av midlane går til bedrifter med 1 til 4 tilsette. I kapittel 6 går ein gjennom Innovasjons aktiviteten i dei ulike fylka i Noreg. Forsking og utvikling (FoU) heng nært saman, og vil bruka eit delkapittel på FoU. Av dei totale FoU utgiftene i 2005 er det Oslo og Akershus som er den dominerande regionen, og mottek 42 prosent av FoU utgiftene. Det er store skilnadar innafor FoU i regionane, dette kan vera grunna busetings mønstre, nærheit til tenester, marknader og kompetansemiljø. Ulike regionar kan også ha ulik næringsstruktur, noko som verkar på FoU aktiviteten i den gitte regionen. FoU verksemda er konsentrert i dei sentrale områda i landet, dei fire nordlegaste fylka sto for saman 4 prosent av den eigenutførte FoU verksemda i 2005. Befolkning, og befolkningsutvikling i dei ulike fylka kan vera årsak til ulike FoU, og innovasjonsaktivitetar, og vert gitt litt merksemd i dette kapittelet også. Det visar seg at gjennom det siste tiår har befolkningsutviklinga gått eintydig i sentraliserande retning. Og der eksisterar i Noreg ein relativt markant regional arbeidsdeling mellom storbyanes spesialisering innanfor kunnskapsintensiv tenesteyting, små og mellomstore byars spesialisering innanfor industri og mindre byar og stadsregionars spesialisering innanfor resursnæringane. Når det gjeld den geografiske fordelinga av midlar i frå Innovasjon Noreg er der også store skilnader. Noko av dei fylka som mottek mest tildelingar frå Innovasjon Noreg nyttar lågast andel av dei tildelingane til innovasjonsprosjekt. Og fylker som mottek låge tildelingar, nyttar høgare prosent av tildelingane til innovasjonsretta prosjekt. Det visar seg også at dei mest perifere områda har lågast andel innovasjon, og dei mest sentrale har høgast andel innovasjon. Altså, innovasjonsaktiviteten finansiert av Innovasjon Noreg er vesentleg lågare i dei perifere områda, men ein stor andel i verkemidla retta mot primærnæringane går til desse områda, og dette kan vera ein forklarande variabel. Når ein ser på utviklinga i BNP saman med tildelingane får Innovasjon Noreg ser ein at fylker som har ein høg prosent av tildelingane som går til innovasjon også har jamn auke i økonomisk vekst. Dette indikerar på at høgare prosentandel til innovasjon kan gje høgare økonomisk vekst. Når det gjeld nyetableringar og etablerings- og inkubatorstipend (ET og IS) ser ein ikkje ein klar relasjon mellom desse. Fylka som skil seg ut (Oslo og Akershus) med høgast nyetableringar er ikkje dei fylka som mottek mest Etablerings- og inkubatorstipend. Fylkar som fekk om lag like mykje i tildelingar (ET og IS) frå Innovasjon Noreg har ikkje liknande tal når det gjeld nyetableringar. Andre faktorar som kan tenkjast å kunna påverka nyetableringar er sentralisering, kultur, normer, BNP, befolkning, antal eksisterande bedrifter i fylket, og befolkningas motivasjon til å villa vera innovative/sjølvstendignæringsdrivande.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleInnovasjon i Noreg : Effekten av prioriterte målgrupper hos Innovasjon Noregen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2014-03-28en_US
dc.creator.authorSigurdson, Monica Melanden_US
dc.subject.nsiVDP::210en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Sigurdson, Monica Meland&rft.title=Innovasjon i Noreg&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-26606en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo106211en_US
dc.contributor.supervisorKaren Helene Ulltveit Moeen_US
dc.identifier.bibsys141675063en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/16934/1/Innovasjon-i-Noreg-Sigurdson.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata