Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:47:46Z
dc.date.available2013-03-12T09:47:46Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-20en_US
dc.identifier.citationBarsnes, Kjell Einar. Som ein far. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/16833
dc.description.abstractMasteroppgåva handlar om disiplinering av elevar ved nokre skular i Tanzania. Eg tek utgangspunkt i eit seks månader langt feltarbeid i Moshi. Der var eg hovudsakleg ved ein privat vidaregåande skule. Storparten av informantane høyrer til den etniske gruppa chagga. Oppgåva viser korleis klede og språk er former for disiplinering. Språk er ein viktig del av utdanninga. I tanzaniansk vidaregåande skule er engelsk undervisingsspråk. Eg meiner den språklege disiplineringa hovudsakleg føregår på swahili medan det faglege innhaldet blir formidla på engelsk. Dessutan er kodeveksling og kodeblanding vanleg. Oppgåva tek opp korleis denne vekslinga også medfører ei veksling i sosiale felt og kontekstar. Disiplinering og straff er underordna makt, som i desse formene er eit gjennomgåande tema. Ein form for maktbruk som blir mykje nytta i både heim og skule er fysisk avstraffing. Eg viser korleis smerte heng att i hugset og fungerer som ein inkorporerande praksis. Med Durkheim kan vi seie at smerte er eit totem som blir skrive inn på kroppen. Til sist tek eg opp religion i forhold til moral, kjønnsroller og straff. Fleire brukar religion for å rettferdiggjere fysisk straff. Det står mellom anna i Salomos ordtøke korleis ein skal bruke fysisk straff for å fostre opp barnet. Religion inngår i diskursen som definerer fysisk straff. Slik straff er også sanksjonert gjennom lova. Dessutan har fysisk avstraffing røter i både lokal chagga-historie og frå kolonitida under tysk og britisk herredømme. Eg ser også på overordna strukturar ved det tanzanianske samfunnet som kan vere med på å forklare frekvensen av fysisk straff. Etter det eg har erfart gjev ikkje slik straff varige traume for dei som blir straffa. Eg tek sikte på å forstå kvifor det er slik.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSom ein far : ein analyse av disiplin og straff i tanzaniansk skuleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-09-22en_US
dc.creator.authorBarsnes, Kjell Einaren_US
dc.subject.nsiVDP::250en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Barsnes, Kjell Einar&rft.title=Som ein far&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22935en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92044en_US
dc.contributor.supervisorRune Flikke og Anne B. Lesethen_US
dc.identifier.bibsys093323174en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/16833/1/Kjell_Einar_Barsnes_Master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata