Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:49:43Z
dc.date.available2013-03-12T09:49:43Z
dc.date.issued2008en_US
dc.date.submitted2008-12-12en_US
dc.identifier.citationLande, Inga. Makt og tryggleik på tadsjik vis. Masteroppgave, University of Oslo, 2008en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/16814
dc.description.abstractSamandrag Denne oppgåva tek for seg ulike tema rundt familieliv og nære relasjonar, med empiri frå det sentrale og sørlege Tadsjikistan, Sentralasia, frå feltarbeid utført våren 2007. Utval av informantar vart gjort ut frå dei ulike regionale gruppene i landet og deira rollar i borgarkrigen som varte frå 1992 til 1997. Informantane var, gharmi, blant dei opposisjonelle under krigen, og den gruppa som vart hardast ramma av krigen gjennom internflukt og flukt til naboland. Spørsmål rundt kjønnsrelasjonar og erfaringar vert reist, med fokus på informantane sine ulike erfaringar i livet. Fokuset er spesielt på migrasjonserfaringar som gav informantane grunnlag for refleksjon over eigen livssituasjon, direkte gjennom flukterfaringar, og permanent flytting etter borgarkrigen, men også direkte og indirekte gjennom menn sine arbeidsmigrasjonserfaringar til Russland og Kasakhstan. Eg argumenterer for at åra i eksil i flyktningleir i Afghanistan, bør sjåast som livserfaring i form av flukterfaring, og nye impulsar, som personane tok med seg vidare i livet, snarare enn berre ei ventetid med lidingar slik ei tid som flyktning ofte vert sett (Lubkemann 2008). Vidare omhandlar oppgåva ekteskapet både som relasjon og som ein viktig del av eit sosialt slektskapssystem. Ekteskapsordninga vert analysert, som resten av oppgåva, med fokus på kvinners opplevingar, oppfatningar og forteljingar om eigne liv og livssituasjonar. Det blir vist korleis informantane inngjekk i ulike rollar etter kor dei var i den sosial livssyklusen og hushaldssyklusen dei inngjekk i. Kvinnelege informantar i ulike aldrar er med å belyse korleis denne syklusen fungerte. Ekteskapsinngåing er her sentralt. I samband med dette viser eg korleis individualitet, makt, mogelegheiter og val vart diskutert og fortalt om av kvinnene. I analyse av dette nyttar eg perspektiv frå Jackson (2005), for å vise korleis jenter og kvinner forholdt seg til det ambivalente rundt endring av eigen livssituasjon, samt rollene dei inngjekk i og var forventa å fylle. Eg hevdar at kvinnene viste motstand, usemje og misnøye med maktrelasjonar dei stod i, men at dei snarare var ”strategiske” og reflekterande enn protesterande i sine slike relasjonar. Slik eg opplevde det gjorde dei dette ut frå vurderingar om kva som var klokast veremåte, for seg og barna sine, og med tanke på både umiddelbare og langsiktige omsyn. For å forstå maktrelasjonane som kvinnene inngjekk i, og handlingar dei gjorde som kan relaterast til desse forholda, nyttar eg Scott (1990) sine perspektiv om ”dei underordna” sitt forhold til ”dei dominante”. Blant anna er vennskap mellom nabokvinner, med dei samtaleemna og ytringane som dei delte i venninnestundene, med på å belyse forholda til sine ektemenn då desse tema skilde seg frå dei som dei delte med ektemennene tilstades. Forutan forhold berre mellom ektefellar og vaksne har oppgåva eit generelt familie- og generasjonsperspektiv. Her er familierelasjonar, og ulike praksisar og livssituasjonar sentrale. Eg fokuserer på dei økonomiske og praktiske sidene som var viktige for organisering av familieliv, arbeid og hushald, spesielt i forhold til arbeidsmigrasjon til Russland. Her er endringar i Tadsjikistan sentrale og korleis folk relaterte seg til desse. Eg argumenterar for at det i familiane eksisterte ei aktiv tilpassing til endringane, men at denne vart gjort med balanse, refleksjon og bevisstheit i forhold til tradisjonar og vanar som dei hadde eit forhold til. Gjennom dette vert det også vist møte mellom tradisjonalitet og modernitet, alt med basis i det informantane kalla tadsjik - i opposisjon til ”det moderne”.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleMakt og tryggleik på tadsjik vis : ein studie av familieliv i Tadsjikistan i møte med migrasjon og samfunnsendringen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-03-06en_US
dc.creator.authorLande, Ingaen_US
dc.subject.nsiVDP::250en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Lande, Inga&rft.title=Makt og tryggleik på tadsjik vis&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2008&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-21492en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo87936en_US
dc.contributor.supervisorElisabeth L`orange Fursten_US
dc.identifier.bibsys091757258en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/16814/1/lande.inga.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata