Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:47:32Z
dc.date.available2013-03-12T09:47:32Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-08-24en_US
dc.identifier.citationErdal, Silje Førland. "Emergentes". Hovedoppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/16554
dc.description.abstractDenne oppgåva er basert på feltarbeid frå Den dominikanske republikk i byen Santo Domingo, perioden 15. september 2003 til 1. juni 2004. Det viktigast fokuset under feltarbeid var å søke å forstå korleis ei gruppe unge, høgt utdanna menn (Los babies), forhandlar om mannlege praksisar innanfor ein bestemt geografisk stad (La Zona Colonial). Dei kulturelle forventingane som ligg til menn i eit samfunn, og kampen med grensene for det mannlige, er relevant for analysen. Teksten tek utgangspunkt i eit ynskje om å kommentere det mangfaldet av mannlege identitetar som eksisterar, og peike på nokre måtar å vere mann på i Santo Domingo. I kapitel to vil eg ta for meg klassifikasjon av det mannlege; ulike måtar å forstå og skildre maskulinitet på i eit samfunn, og innanfor ulike sosiale lag. Dette er eit viktig bakgrunnsteppe for å kunne forstå dei forhandlingane Los babies driv omkring maskulinitet. Vidare vil eg i kapitel tre vise korleis spesifikke sosiale arenaer fungerar som konstituerande krefter i strevet etter å etablere nye mannlege praksisar. Sosiale møter innanfor bestemte sosiale rom, fremjar maskulinitetskonstruksjon og forhandlingar om dette. Kapitel fire skal syne at venskapen og samvær med like menn er viktig når ein ynskjer å ta avstand frå tradisjonar, og at det publikum vener utgjer er ein måte å fremje individualisme i moderne forstand. Saman med dette skal eg diskutere korleis økonomiske overlevingsstrategiar tek form i La Zona Colonial. Oppgåvetittelen Emergentes er spansk og kan oversettast med spirane eller oppkommerane . Dette spelar på mine informantars pågåande prosessar for å komme seg oppover, og betre sin sosiale posisjon ved å tileigne seg meir kapital. Førestillinga om det kvinnelege er utgangspunktet for analysen i kapitel fem. Her skal eg vise kva som er grunnen til at enkelte kvinner er meir egna enn andre, og korleis ein kategoriserar kvinner langs eit kontinuum av spesielle verdiar. Avsluttingsvis vil kapitel seks understreke at draumar og assosiasjonar om Europa er avgjerande for å frambringe eit spesielt type liv i La Zona Colonial, og at dette er ein viktig del av endringsprosessar.nor
dc.language.isonoben_US
dc.title"Emergentes" : forhandlingar om mannlege identitetar i Santo Domingoen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-09-08en_US
dc.creator.authorErdal, Silje Førlanden_US
dc.subject.nsiVDP::250en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Erdal, Silje Førland&rft.title="Emergentes"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-12953en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo43627en_US
dc.identifier.bibsys061044024en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata