Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:48:39Z
dc.date.available2013-03-12T09:48:39Z
dc.date.issued2000en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationGrytting, Astrid. Eit ordentleg ekteskap. Hovedoppgave, University of Oslo, 2000en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/16399
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om det som på folkemunne ofte blir kalt "postordreekteskap" - ekteskap etter kontaktformidling mellom norske menn og utanlandske kvinner. Utgangspunktet mitt er det eg oppfattar som ein moralistisk og forenklande offentleg diskurs om dette fenomenet som har eksistert sidan slutten av 1970-talet. Denne diskursen tildeler kvinnene nokså eintydige offerroller, medan mennene ofte blir framstilt som sosiale taparar eller potensielle overgriparar. I Del I bruker eg m.a. historiske kjelder, befolkningsstatistikk og etnografiske tekstar for å trekke opp eit bakteppe for fenomenet. Internasjonal kontaktformidling er ikkje noko nytt - det er m.a. knytt til kolonisering og arbeidsmigrasjon. Endringar i ekteskapsinstitusjonen, familieliv og kjønnsroller er sentrale inntak til å forstå dei sterke reaksjonane på slik formidling i Norge. Fenomenet utfordrar kjærleiksekteskapet og rådande idear om likeverd mellom menn og kvinner. Polen og Filippinane har lenge vore dei viktigaste landa for kontaktformidling til Norge. Dei er dessutan interessante å samanlikne av andre grunnar; i begge land dominerer katolisismen, dei har høg migrasjon og har vore prega av økonomisk og politisk vanstyre. Del II omhandlar den norske debatten om dette fenomenet som han har arta seg i pressa frå midt på 1980-talet. Ved å analysere m.a. avistekstar og offentlege saksdokument identifiserer eg fire hovudposisjonar i debatten og kva for diskursive ressursar representantar for desse set inn for å få gjennomslag for sine synspunkt. Eg ser deretter på bruken av metaforar. Metaforar om kjøp og sal er dei mest openlyse, men eg finn også svært mange metaforar om reint og ureint, noko eg knyter til at ekteskap etter kontaktformidling utfordrar grensene for kva som er sett på som "normalt". Del III er basert på intervju med polsk-norske og filippinsk-norske ektepar. Eg finn m.a. at dei polske kvinnene uttrykker ei meir aktiv rolle i høve til formidlingsprosessen enn dei filippinske, som ofte framstiller det som noko som skjedde dei, av og til utan at dei eingong visste om det. Som motivasjon oppgir kvinnene m.a. at dei var skuffa over mennene i heimlandet, redsel for ikkje å bli gift før det var "for seint" og ønske om betre økonomiske kår. Mennene oppgir m.a. problem i forhold til norske kvinner og i forlenginga av dette eit ønske om "andre" kvinner. Både menn og kvinner gir svært positive framstillingar av ekteskapa sine.nor
dc.language.isonoben_US
dc.titleEit ordentleg ekteskap : om ekteskap etter kontaktformidling mellom norske menn og utanlandske kvinneren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorGrytting, Astriden_US
dc.subject.nsiVDP::250en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Grytting, Astrid&rft.title=Eit ordentleg ekteskap&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2000&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-34657
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo2565en_US
dc.identifier.bibsys000150347en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata