Abstract
Samandrag
Temaet for masteroppgåva er menneske og teknologi i radio, og den er basert på materiale innhenta frå radio Nova, studentradioen i Oslo. Meir spesifikt tar det for seg praksis knytt til koordinering av menneske og teknologi når dei saman skal produsere radio.
Det handlar om tileigning, bruk og oppretthalding av kunnskap knytt til denne aktiviteten. Frå korleis kunnskapen blir overført språkleg og skriftleg, til korleis delar av den blir lært og oppretthaldt via kroppsleg erfaring, og korleis andre delar av den eksisterer i fungerande teknisk utstyr. Det gjer også at det handlar om korleis kunnskap påverkar samhandlinga mellom menneske og teknologi. I denne samhandlinga opptrer både menneska og objekt som aktørar, og kva kunnskap menneska som samhandlar med objekta har, påverkar kva agens objekta potensielt kan få.
Kunnskapsinnehavarane er alt frå journalistar, sendingsteknikarar, systemteknikarar og administrasjon. Derfor handlar det også om spennet i kunnskap, og korleis dei forskjellige gruppene har ulik type kunnskap og ulike interesser. Dagleg balanserer dei mellom å utfylle kvarandre, og det å forstå kvarandre på tvers av kunnskapsinteresser. Innsikta i det kjem frå periodar med endring og tilfelle av samanbrot i systemet. Alt er sett frå min posisjon som teknisk ansvarlig, dvs. at eg var ein del av administrasjonen og hadde alt lydteknisk som ansvarsområde.