Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:35:44Z
dc.date.available2013-03-12T09:35:44Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-11-16en_US
dc.identifier.citationHaugse, Johannes. Kvifor tar vi kosttilskot. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15885
dc.description.abstractDei siste 20 åra har det vore ein enorm vekst i salet av kosttilskot. Ifølgje Bransjerådet for Naturmiddler (BRN) brukar vi årleg mellom to og tre milliardar kroner på kosttilskot. Kvifor tar vi kosttilskot? Kva helseforståingar ligg til grunn for kosttilskotforbruket? Og kva kan analysen seie om helse i dagens Noreg? Ønsket om god helse er det overordna målet for kosttilkotforbruket, men det er mange måtar å forstå kva helse er eller skal vere. Med utgangspunkt i ei epistemologisk forståing av at meining blir til i språket, analyserer eg meining slik den blir konstituert i diskursar. Det er særleg ein diskurs som er overordna i analysen, nemleg helsediskursen. På den eine sida bruker eg helseomgrepet for å forstå forbruket av kosttilskot, men på den andre sida studerer eg forbruket av kosttilskotet for å seie noko om den sosiokulturelle helsetilstanden i dagens Noreg. For å finne, og kartlegge, kvar motivasjonane til å ta kosttilskot kjem frå, har eg analysert kva meiningssamanhengar kosttilskot inngår i. Tekstanalysar av offentlege dokument, avisoppslag og marknadsføring viser at kosttilskot har ulik meingsverdi innan ulike institusjonelle rammer. Kostttilskot er ei produktgruppe som blir definert i rommet mellom mat og medisin, så både ernæringsdiskursen og den medisinske diskursen er viktige. Men begge desse diskursane er i endring. Ernæringssdiskursen synes å bli meir fragmentert sidan det er mange ekspertar med til dels motstridande synspunkt. Grensene mellom skolemedisin og alternativ medisin er i mange tilfelle uklare – og i marknadsføringa av kosttilskot blir retorikk frå begge retningane brukt strategisk. I helsepolitikken er det eit sterkt fokus på det skal leggast til rette for ein sunn livsstil. Det er særleg den helsebevisste forbrukar helepolitikken vender seg mot. Forbrukaren skal få god informasjon om rette helseval, og dette legitimerer ernæringsdiskursen. Nettopp det at ernæringsdiskursen blir aktualisert på denne måten, legg til rette for at folk kjøper vitaminer og mineralar: Jo meir forbrukaren veit om forholdet mellom mat og helse, jo større blir bevisstheita om all den helsa ein kan gå glipp av. Kosttilkotsbransjen ser på kosttilskot som noko meir enn bare eit supplement til eit dårleg kosthald. Bransjen viser at kosttilskot er ei produktgruppe som nærast alle kan ha stor nytte av, både for å skire seg mot framtidig sjukdom, og for å lindre mindre, heilt normale plager. Den medisinske profesjonen, derimot, går til tider sterkt ut i media og advarar mot utstrakt unødvendig bruk av kosttilskot, og framstiller det som nok eit unødveng produkt frå grådige bransjefolk. Bransjen sjølv framstiller kosttilskot som det naturlege valet. Stadig skiftande ekspertuttalelsar svekkar tilliten til ekspertane. Og medan ekspertar kranglar i media, møter forbrukaren kosttilskot gjerne i form av vekeblader og marknadsføring, der kosttilskot framstår som eit både vitskapeleg og naturleg produkt som kan hjelpe nettopp deg til å til å få kontroll over helsa di. Dette er gjerne forteljingar om einskildspersonar som har opplevd korleis kosttilskot har redda dei – anten det er små problem som cellulittar og kvisar, eller langt meir alvorlege problem, som til dømes leddgigt og ME. Eit viktig poeng i oppgåva er dynamikken i meiningsproduksjonen mellom ulike institusjonar. Det er brukt mange sosiologiske typologiar og omgrep for å manøvrere meg gjennom store tekstmassar. Blant anna blir Giddens omgrep om institusjonell refleksivitet, ulike framstillingar av risikosamfunnet og Foucault sitt omgrep om biomakt, brukt som analytiske kompass. Helse er ein diskurs som aukar i omfang. Det blir eit stadig rikare vokabular, og helsediskursen grip inn i fleire livsområde. Tidlegare var problemstillingar rundt helse lukka inne i ein medisinsk diskurs. Denne opninga gir rom både for marknadsførarar og forbrukarar til å definere helseposisjonar – og kosttilskot er ei produktgruppe som er del av denne utvida og opne helsediskursen. Mykje av informajonen som foregår på helsemarknaden, er marknadsføring som tar form av helseinformasjon.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKvifor tar vi kosttilskot : Ei diskursanalytisk tilnærming til ein helsemarknad i veksten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-03-19en_US
dc.creator.authorHaugse, Johannesen_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Haugse, Johannes&rft.title=Kvifor tar vi kosttilskot&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-24008en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo96890en_US
dc.contributor.supervisorRandi Wærdahlen_US
dc.identifier.bibsys100671608en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15885/4/Haugse.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata