Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:34:44Z
dc.date.available2013-03-12T09:34:44Z
dc.date.issued2008en_US
dc.date.submitted2008-05-07en_US
dc.identifier.citationTorkelsen, Ingvild Hestad. Helse, reklame og menn - kven har makt over kven?. Masteroppgave, University of Oslo, 2008en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15772
dc.description.abstractMeir og meir av den informasjonen vi får om sunnskap og helse blir synleg for oss som reklame. For å endre usunne vanar hjå folk, blir det blir nytta tradisjonelle marknadsføringsteknikkar for å nå alle sosiale lag av befolkninga. I denne oppgåva skal eg sjå nærare på ein utvald reklame retta mot menn, om helse, for å sjå korleis denne kan vere med på å påverke dei oppfatningane vi har om maskulinitet. Å marknadsføre helse inneber ei klar målgruppeinndeling, og eg lurar på kva utslag dette gir i den endelege reklamen. Problemstillingane i oppgåva er 1) Kva for institusjonelle førestillingar om maskulinitet ligg bak nettstaden mennogkreft.no? og 2) Er Steinar, og mennogkreft.no, med på å reprodusera dei oppfatningane vi har om maskulinitet? Eg deler funna i to. Eg ser dei institusjonelle førestillingane i samband med Ulla-Britt Lilleaas og Simon S. Simonsen sine studie om menn sine haldningar til kropp og sjukdom. Her finn eg det eg kallar rammer for samtale og rom for handling, som eg meiner kan vere med på å forklare den manglande kontakten mellom menn og helsevesen. Informantane sine førestillingar og den sosiologiske forskinga er samde om at det er eit fråver av menn i helsevesenet. Men dei har ulike forklaringar på kvifor det er slik. I denne oppgåva blir det argumentert for at menn manglar rammer for å snakke om sjukdom, og rammer for å handle i høve til sjukdom. Eg plasserar Steinar, og mennogkreft.no, inn i det eg kallar helseanordninga. Helseanordninga er ei omskriving av det Foucault har kalla seksualitetsanordninga, og er ein måte å forstå reproduksjonen av makt på. Makt blir reprodusert gjennom diskursar som oppstår i institusjonar, og ein av desse institusjonane er reklamen. Anordninga inneber alle dei faktorane som er med på å gjere helse synleg i samfunnet, og Steinar er ein del av desse. Steinar sjølv, og dei undersøkingane og institusjonane som har vore avgjerande for korleis han er, er med på å vidareføra dei oppfatningane som fins om menn og helse. Dei manglande romma og rammene leier i sin tur til at det oppstår ein tausskap om maskulinitet knytt til helse. Denne tausskapen blir oppretthaldt gjennom helseanordninga, det vil seie gjennom dei maktmekanismane som ligg implisitt i diskursane og institusjonane som utgjer anordninga.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleHelse, reklame og menn - kven har makt over kven? : ei kvalitativ undersøking av førestillingar om maskulinitet i reklameen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-09-17en_US
dc.creator.authorTorkelsen, Ingvild Hestaden_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Torkelsen, Ingvild Hestad&rft.title=Helse, reklame og menn - kven har makt over kven?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2008&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-19334en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo74562en_US
dc.contributor.supervisorKarin Widerbergen_US
dc.identifier.bibsys082413622en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15772/4/Torkelsen.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata