Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:38:28Z
dc.date.available2013-03-12T09:38:28Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2006-03-09en_US
dc.identifier.citationOttesen, Tore Heen. NGO-ane si rolle i å integrere flyktningar i Serbia. Hovedoppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15566
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg sett på to utanlandske og fire nasjonale ikkje-statlege organisasjonar (NGO-ar) sitt arbeid i forhold til integrering av flyktningar i Serbia. Utgangspunktet mitt var den stadig aukande rolla dei ikkje-statlege organisasjonane hadde fått i å levere tenester og byggje sivilsamfunn, blant anna i krigsråka område. Denne utviklinga hadde også gjort seg gjeldande i Serbia på 1990-talet, kor flyktningane frå krigane i Kroatia og Bosnia-Hercegovina vart eit viktig arbeidsområde for både nasjonale og utanlandske NGO-ar. Krigane som kom i samband med oppløysinga av Jugoslavia førte til ein omfattande flyktningkatastrofe. 6-700 000 menneske, hovudsakleg serbarar frå Kroatia og Bosnia-Hercegovina, vart flyktningar i Serbia som dermed fekk Europa si største flyktningbefolkning. På grunn av oppløysinga av Jugoslavia, krigane som følgde og internasjonale sanksjonar var Serbia i ein svært dårleg økonomisk situasjon då flyktningane kom, og levekåra var ekstra vanskelege for denne befolkningsgruppa. Flyktningregistreringa frå 2001 viste likevel at 60% av flyktningane ynskte å bli i Serbia og integrering i Serbia vart ei svært aktuell problemstilling i 2002, då regjeringa i landet opna opp for lokal integrering som eit varig alternativ for flyktningane i sin ”Strategi for løyse problema til flyktningane og dei internt fordrivne”. Ein god del nasjonale og utanlandske NGO-ar arbeidde med flyktningane sine problem i Serbia i 2002, og spørsmålet eg freistar å finne ut av i denne oppgåva er kva for rolle desse NGO-ane spelte i integreringa av flyktningar i landet? I oppgåva har eg ynskt å kartleggje kor godt integrerte flyktningane i Serbia var i 2002 og kva for arbeid NGO-ane utførte i forhold til flyktningane. Eg stiller også spørsmål om kva NGO-ane gjorde for å styrke sivilsamfunnet i Serbia, og kva for hindringar dei møtte som avgrensa gjennomslagskrafta dei hadde i 2002. Spørjeskjemaundersøkinga som eg utførte i Vojvodina i Serbia, i november 2002 tyder på at mange av flyktningane i utvalet var dårleg integrerte. Fleirtalet hadde ei inntekt som skulle tilseie at dei levde under fattigdomsgrensa, samstundes som dei fleste måtte leige bustad. Få hadde ordinært arbeid, og det var ofte den grå økonomien som sørgde for at flyktningane hadde noko å leve av. Rundt halvparten av flyktningane meinte at den opphavlege befolkninga var skeptiske til dei, og det eksisterte mange fordommar i forhold til flyktningane. I oppgåva har eg eit eige kapittel om framveksten av sivilsamfunn i det tidlegare Jugoslavia og Serbia, som saman med innsiktene frå teorikapittelet dannar er ein viktig bakgrunn for å forstå den rolla NGO-ane spelte i Serbia i 2002. I oppgåva har eg eit utval på seks NGO-ar, fire nasjonale og to utanlandske, og eg freistar å kartleggje kva for arbeid dei gjorde i forhold til flyktningane. Nokre former for hjelp nådde svært mange mottakarar, slik som rettshjelpsprosjekta, mens andre meir kostnadskrevjande prosjekt som til dømes dei som gikk ut på å hjelpe flyktningar i forhold til bustad, hadde avgrensa med mottakarar. Tenestene som NGO-ane leverte kunne vere nyttige bidrag for mange, men det var langt i frå alle som fekk den hjelpa dei trong. Når det gjaldt å styrke sivilsamfunnet og medverke til samfunnsendring varierte innsatsen til NGO-ane i forhold til kva for type NGO det var snakk om. Ei stor utfordring for dei NGO-ane som arbeidde for å styrke sivilsamfunnsverdiane i Serbia, var den stadig tilbakevendande nasjonalismen i landet. Enkelte faktorar avgrensa kva for rolle NGO-ane spelte som sivilsamfunnsaktørar, slik som ein utbredt skepsis til NGO-ane blant vanlege folk i Serbia, i tillegg til at NGO-sektoren var lite konsolidert.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleNGO-ane si rolle i å integrere flyktningar i Serbiaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-03-31en_US
dc.creator.authorOttesen, Tore Heenen_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ottesen, Tore Heen&rft.title=NGO-ane si rolle i å integrere flyktningar i Serbia&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-12075en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo37024en_US
dc.contributor.supervisorKjell Erling Kjellman, Åse Berit Grødelanden_US
dc.identifier.bibsys060565152en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15566/2/NGO.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata