Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:38:13Z
dc.date.available2013-03-12T09:38:13Z
dc.date.issued2003en_US
dc.date.submitted2005-10-11en_US
dc.identifier.citationRørlien, Randi. Innvandrar og homofil. Hovedoppgave, University of Oslo, 2003en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15507
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg sett på korleis homofile innvandrarar med muslimsk bakgrunn opplever det å leva i Noreg. Datamaterialet som denne oppgåva baserer seg på er samla inn ved hjelp av kvalitative intervju med seks homofile innvandrarar med muslimsk bakgrunn. Oppgåva fokuserer på korleis ulike tilpassingsformer i det norske samfunn kan vera med på å gje mogelegheiter og begrensingar i forhold til det å leva eit liv som homofil i Noreg. I denne samanheng har eg har tatt for meg tre sentrale arenaer, muslimske innvandrarmiljø, det etablerte homomiljøet og det norske storsamfunn, og sett på korleis respondentane tilpassar seg på dei ulike arenaene. I tillegg har eg sett på kva for innverknad deltaking på dei ulike arenaene har på respondentane sin tilpassing i det norske samfunn. Dei teoretiske omgrepa eg har brukt i analysen av datamaterialet er integrasjon, assimilering og segregering/ separasjon. I dei siste 30 åra har integrasjon erstatta assimilering som ideologi innanfor migrasjonsfeltet. Innvandringspolitikken har vore prega av multikulturalisme og ein har vore opptatt av at innvandrarar skal få behalde sitt kulturelle særpreg. På denne måten skulle innvandringspolitikken bli meir liberal, ivareta menneskerettane og opne opp for kulturelt mangfald. I dei seinare år har det i fleire europeiske land, deriblant også Noreg, blitt klart at innvandringspolitikken har slått feil. Dette har ført til at ein har begynt å sjå på standardomgrepa innanfor innvandringsfeltet på nytt. Til dømes har assimileringsomgrepet vorte sett på med nye auger. Eit resultat av denne redefineringsprosessen er ei ”rehabilitering av assimileringsomgrepet”, som vil stå sentralt i analysen av datamaterialet mitt. Denne måten å forstå assimilering på vektlegg at dersom assimilering vert forstått som ein prosess der ein blir lik på ulike områder av samfunnet og i forhold til referansegrupper i majoritetsbefolkninga, kan assimilering vera noe positivt for individet. Mitt temaområde er ein interessant illustrasjon på dette. Det viser seg at det å flytte til Noreg i seg sjølv har medført større mogelegheiter til å kunne leva som homofil fordi det norske samfunn i større grad enn dei samfunna som informantane kjem frå har liberale og aksepterande haldningar til homoseksualitet. I tillegg vert ikkje homoseksuell praksis råka av straffelova slik som i mange muslimske samfunn. Til tross for at det i Noreg eksisterar meir liberale haldningar til homoseksualitet, møter homofile med muslimsk bakgrunn på begrensingar også her på grunn av fordommar og homofobi i den norske befolkninga. I tillegg verkar det begrensande på den homofile sin livsutfalding at dei må forholda seg til andre muslimar som lever i Noreg. Dette fører til at mine informantar har lite kontakt med muslimske innvandrarmiljø fordi dei blant anna ikkje ynskjer å omgås menneske som har negative haldningar til homoseksualitet, er engstelige for å bli avslørt eller stilt spørsmål som dei ikkje kan svare på utan å måtte lyge. Alle informantane har på ulike vis funne fram til det etablerte homomiljøet. Dei nyttar seg av forskjellige arenaer av miljøet og deltar på ulike aktivitetar og kulturtilbod. Mange av dei går på utestader for homofile. Det viser seg at det å delta på denne arenaen fører til at informantane får betre kjennskap til og kunnskap om det norske samfunn fordi dei vert kjent med andre norske homofile. I tillegg har det å ha kontakt med andre homofile vore til hjelp for å utvikla ein konkret og positiv identitet som homofil. Ut frå mitt datamateriale viser det seg at det å ha mykje og nær kontakt med det etablert homomiljøet fører til at informantane vert assimilert på eit område av samfunnslivet og i forhold til ei referansegruppe av majoritetsbefolkninga, nemlig etnisk norske homofile. Dette er eit eksempel på kva som ligg i det ”rehabiliterte assimileringsomgrepet”. Sidan mine informantar ikkje føler seg velkomne i muslimske innvandrarmiljø, nyttar dei seg av andre arenaer i det norske samfunn for å skaffe seg eit sosialt nettverk. Den arenaen som er mest brukt er homomiljøet. På sikt kan dette føre til at dei vert betre integrert i det norske samfunn enn innvandrarbefolkninga generelt som har ein omgangskrins som i større grad består av andre innvandrarar.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleInnvandrar og homofil : Tilpassingsstrategiar hos ein minoritet i minoritetenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2005-10-13en_US
dc.creator.authorRørlien, Randien_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Rørlien, Randi&rft.title=Innvandrar og homofil&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2003&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-38023
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo31242en_US
dc.contributor.supervisorGrete Brochmann og Kari Vogten_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15507/1/innvandrar.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata