Hide metadata

dc.date.accessioned2014-03-27T12:09:51Z
dc.date.available2014-03-27T12:09:51Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-14en_US
dc.identifier.citationHeggebø, Kristian. Det første forgreiningspunktet. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15409
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om utdanningstileigning. Nærare bestemt skal oppgåva fokusera på 10. klasseelevar sine skuleprestasjonar, og deira påfølgjande utdanningsval. Når elevane nærmar seg slutten av grunnskulen må dei bestemma seg for kva vidaregåande utdanning dei skal ta sikte på. Dei har, grovt sett, to valalternativ: ei allmennfagleg eller ei yrkesfagleg studieretning. Kva val elevane tek får store konsekvensar for kvar dei ender opp med omsyn til utdanningsnivå og yrkesposisjon. Derfor er utdanningstileigning nært knyta til sosial lagdelingsforsking. For å få ei betre forståing av prosessane som fører fram til sosiale skilnadar i utdanningstileigning, må ein ta høgde for Boudon (1974) sitt skilje mellom primære og sekundære effektar. Det er velkjent at elevar frå høgare sosiale klassar i større grad oppnår betre skuleprestasjonar enn andre elevar (primær effekt). Og det er like velkjent at elevar frå høgare sosiale klassar i større grad tek sikte på ei studiekarriere, sjølv når elevane har like karakterar (sekundær effekt). Hovudfokus i denne oppgåva er på utdanningsval. Men sidan karakternivået legg somme viktige føringar på dette valet, skal me i tillegg sjå nærare på skuleprestasjonane. Studien har derfor to sentrale forskingsspørsmål: I. Kvifor får somme elevar gode karakterar? II. Kvifor vel somme elevar ei allmennfagleg studieretning? Ved hjelp av ei spørjeskjemaundersøking som vart gjennomført blant 170 10. klasseelevar ved 5 skular i Etne og Vindafjord kommune, skal denne studien forsøka å koma eit steg nærare på vegen mot ei forklaring av dei vedvarande sosiale ulikskapane i utdanningstileigning. I dei lineære regresjonsanalysane av gjennomsnittskarakterar ser me nærare på kulturell kapital sin effekt, gjennom variablane lingvistisk kapital og foreldres involvering. I tillegg rettes søkelyset mot elevane sin tidsbruk, samt deira sosiale kostnadsvurderingar. I dei logistiske regresjonsanalysane av sannsyn for allmennfag ser me også på kulturell kapital sin effekt, gjennom variablane lingvistisk kapital og foreldres involvering. I tillegg fokuserer me på elevane sin tidsbruk, deira sosiale kostnadsvurderingar, samt signifikante andre si påverknad. I forlenginga av dei empiriske funna vert potensielle sosiale mekanismar diskutert. Dette fordi statistiske samanhengar bør koplast saman med generative mekanismar dersom ein skal koma nærare ei forklaring av dei sosiale fenomena ein er interessert i. Når det gjeld skuleprestasjonar viser analysane at elevar som har mange bøker heime oppnår gode karakterar. Dette heng sannsynlegvis saman med presentasjonsforma til elevane, i den forstand at språkleg sterke elevar vert vurdert meir positivt av lærarane, sjølv om deira prestasjonar kanskje ikkje er så eineståande gode. Elevar som sjeldan snakkar med foreldra sine om skulen oppnår lågare karakternivå. Dette fordi desse elevane sannsynlegvis manglar ein vesentleg del av motivasjonen som ofte ligg bak det å jobba med skulearbeidet, nemleg ønskje om å gleda foreldra. Elevar som nyttar mykje tid på lekser oppnår betre karakterar, noko som er naturleg. Elevar som nyttar mykje tid på videospel, oppnår lågare karakternivå. Det å spela videospel har ikkje ein negativ effekt i seg sjølv, men heng sannsynlegvis saman med manglande evne til utsatt behovstilfredsstilling. Elevar som syns det er viktig å få jobb nær heimstaden oppnår lågare karakterar. Denne heimstadnærleik-mekanismen fører til at elevane (spesielt gutar) vil utdanna seg til eit yrke som kan utførast i nærområdet, noko som medfører at gode karakterar ikkje er veldig avgjerande (på grunn av yrkesstrukturen i og rundt Etne og Vindafjord kommune). Med omsyn til utdanningsval viser analysane at elevar som sjeldan snakkar med foreldra sine om skulen har lågare sannsyn for val av allmennfag. Dette heng sannsynlegvis saman med mangelfull informasjon, i den forstand at desse elevane manglar nokon å diskutera utdanningsvalet med. Dette medfører at dei i stor grad vil ta det tryggaste valet, nemleg ei yrkesfagleg utdanning. Elevar som nyttar mykje tid på lekser har større sannsyn for val av allmennfag. Dette delvis fordi dei er betre til utsatt behovstilfredsstilling: det å velja eit langvarig studium er ikkje eit like stort ”offer” for desse elevane. Elevar som syns det er viktig å få jobb nær heimstaden har lågare sannsyn for val av allmennfag. Denne heimstadnærleik-mekanismen gjer at det mest strategiske valet vert ei yrkesfagleg utdanning, sidan ein dermed slepp å flytta vekk for å studera, samt at sannsynet for å få jobb nær heimstaden er større med ei yrkesfagleg utdanning (på grunn av yrkesstrukturen). Elevar som nyttar mykje tid på å vera saman med venner har lågare sannsyn for å velja ei studieførebuande linje. Dette heng sannsynlegvis saman med mekanismen vennenettverksbevaring: elevar som er svært nært knyta til vennene sine vil helst bevara desse relasjonane. Den enklaste måten å gjera det på er gjennom ei yrkesfagleg utdanning, sidan ei eventuell studiekarriere inneberer ein ekstra risiko for at vennenettverket vert splitta. Jenter som har høgare utdanna foreldre har eit større sannsyn for val av allmennfag. Dette heng kanskje saman med referansegruppeoppførsel, som inneberer at foreldra verkar som rollemodell for elevane. Grunnen til at denne positive effekta ikkje er til stades for gutar kan sannsynlegvis sporast tilbake til yrkesstrukturen i nærmiljøet: det er færre mannsdominerte jobbar tilgjengeleg som krev ei høgare utdanning. Kulturell kapital-teori er det leiande teoretiske perspektivet når det gjeld å forklara sosiale ulikskapar i skuleprestasjonar. Analysane tyder på at kulturell kapital-teori har stor forklaringskraft, men at den må supplerast med eit fokus på kva elevane nyttar tid på utanfor skuleinstitusjonen, samt deira vurderingar med omsyn til framtidig yrke/ busetjingsplanar. Sosiologisk rasjonelle val- teori er det leiande teoretiske perspektivet med omsyn til å forklara sosiale skilnadar i utdanningsval. Analysane slår fast at sosiale kostnadsvurderingar og andre ikkje- økonomiske aspekt i stor grad kan forklara elevane sitt sannsyn for allmennfag (versus yrkesfag). Funna tyder på at sosiologisk rasjonelle val- teori sannsynlegvis er eit mindre eigna teoretisk fundament for studiar av vidaregåande utdanningsval i Noreg.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDet første forgreiningspunktet : Skuleprestasjonar og utdanningsval i Etne og Vindafjord kommuneen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2014-03-25en_US
dc.creator.authorHeggebø, Kristianen_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Heggebø, Kristian&rft.title=Det første forgreiningspunktet&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-31408en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo161035en_US
dc.contributor.supervisorGunn Elisabeth Birkelund, Patrick Lie Andersenen_US
dc.identifier.bibsys141651113en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15409/3/Heggebo.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata