Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:32:43Z
dc.date.available2013-03-12T09:32:43Z
dc.date.issued2011en_US
dc.date.submitted2011-06-30en_US
dc.identifier.citationFøleide, Sonja. Mot ein meir reflektert barnevernsdebatt? . Masteroppgave, University of Oslo, 2011en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15376
dc.description.abstractTema for denne oppgåva er mediedebatten om barnevernet i Noreg, og det overordna forskingsspørsmålet siktar til korleis barnevernet vert framstilt i pressa. Barnevernet er ein institusjon med makt og midlar til å ta avgjersler innafor eit svært sensitivt saksområde, nemleg forholdet mellom foreldre, barn og velferdsstat. Ofte vert det retta mykje negativ merksemd mot barnevernet, og frå byrjinga av 90-talet har barnevernstenesta, ikkje berre i Norge, men i store delar av den vestlege verda vore utsett for sterk kritikk. Som ein konsekvens er barnevern eit tema som tidvis får stor merksemd i media. Pressa si rolle vil difor vere viktig, og eg har nytta ulike mediesosiologiske bidrag i oppgåva. Ulike perspektiv på mediedramaturgi og nyhendekonstruksjon, spesielt i forhold til tabloidkultur, vert nytta som teoretisk tilfang. Temaet vert diskutert ut i frå ei førestilling om at presseframstillingar spelar ei rolle for korleis publikum både får informasjon og kunnskap om barnevern. Eit argument i oppgåva er at framstillingane difor kan vere med på å påverke tilliten til barnevernet. Vidare vert det argumentert for at barnevernet som profesjon er avhengig av legitimitet for å kunne fungere i samfunnet. I oppgåva vert det brukt både kvantitative og kvalitative metodar, med utgangspunkt i innhaldsanalyse av medietekstar. Innhaldet i artiklane vert koda ut i frå visse kriterium og variablar, for å kunne framstillast kvantitativt. Vidare vert det gjort ei kvalitativ tolking av innhaldet. Dette inneber ei grundig gjennomlesing av tekstane, og ei utdjuping av den kvantitative analysen gjennom illustrerande dømer. Materialet er henta frå VG og Dagbladet på ulike tidspunkt. Artiklane er frå januar til juni i 2004, og tilsvarande periode i 2010, til saman 81 artiklar. Forskingsspørsmålet er delt inn i tre delspørsmål, som pregar dei ulike delane av analysen. Det fyrste spørsmålet siktar til kva haldningar som viser seg til barnevernet i artiklane. Vidare vert det stilt spørsmål om kven som fører mediedebatten om barnevern. Det tredje spørsmålet går ut på kva hovudtemaområder om barnevern som får merksemd i media. Oppgåva ser etter ein endringsdimensjon i framstillingane av barnevern mellom 2004 og 2010. Funna vert også diskutert opp i mot tidlegare forsking. Hovudfunna i analysen indikerer at framstillingane av barnevernet går i retning av å vere mindre stereotype og negative. Det er ein tendens til fleire nøytrale og balanserte framstillingar, samanlikna med tidlegare forsking. Vidare vert det funne teikn til endringar i kven som fører debatten om barnevern. Eit viktig funn i materialet er auka aktivitet frå forskarar og intellektuelle, samt frå barnevernet sjølv. I tillegg er det teikn som tyder på mindre personfokuserte framstillingar. Det er rett nok vanskeleg å seie om funna kan generaliserast til å gjelde heile mediedebatten om barnevern, men funna kastar lys over tendensar som kan tyde på ein meir reflektert debatt om barnevern, samanlikna med situasjonen for nokre år tilbake.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleMot ein meir reflektert barnevernsdebatt? : Ei innhaldsanalyse av barnevernsframstillingar i VG og Dagbladeten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2011-11-14en_US
dc.creator.authorFøleide, Sonjaen_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Føleide, Sonja&rft.title=Mot ein meir reflektert barnevernsdebatt? &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2011&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-29394en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo131235en_US
dc.contributor.supervisorLise Kjølsrøden_US
dc.identifier.bibsys114803854en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15376/1/Foleide.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata